Over halvparten av den vaksne befolkninga i Noreg har kjøpt brukte klede

Hovudårsakene som blir oppgitt for å velje brukt, er at det er billigare og betre for miljøet å handle brukte klede. Ei fersk undersøking viser ny bruktrekord.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er gode nyheiter for miljøet og det viser at folk er meir klar over å tenkje brukt før nytt, seier direktør og bruktekspert Kathrine Opshaug Bakke i Finn til Nationen.

I ei fersk bruktmarknadundersøking utført av Opinion på oppdrag for Finn, oppgir heile 54 prosent at dei har kjøpt brukte klede. Dette er ein vekst på fem prosent sidan i fjor.

– Vi er inne i ein periode der mange har fått trongare økonomi. For stadig fleire har brukthandel også vorte eit alternativ for å spare pengar, eller spe på økonomien, legg Bakke til.

Undersøkinga viser at kvinner handlar brukt oftare enn menn. Auken er størst blant kvinner mellom 30 og 49 år.


Kollasj av to bilete av Cecilie der ho poserer i klede ho har kjøpt brukt. Til venstre har ho på seg ein beige kjole og til høgre ein mintgrøn kjole og hatt.

Cecilie Knoph har berre handla brukte klede dei siste 2,5 åra. Kjolane på desse bileta er kjøpt på UFF og kosta 170 og 350 kroner. Foto: Privat, kollasj Framtida.no