EU forbyr kasting av uselde klede

Store aktørar skal ikkje få kaste uselde klede, sko og tilbehøyr, ifølgje eit nytt EU-direktiv.

NPK/Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Det banebrytande regelverket skal gjere at produkta vi brukar dagleg varar lengre og blir enklare å reparere. Det vil bidra til at vi ikkje like ofte som i dag erstattar produkta våre med nye, uttalar Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet, om det nye EU-direktivet.

Det vil bidra til at bransjen bevegar seg bort frå overproduksjon, skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Det er estimert at mellom 264 000 og 594 000 tonn tekstilar blir destruerte kvart år i Europa, før dei i det heile er brukte.

Det nye regelverket pålegg bedriftene å innføre tiltak for å førebyggje destruksjon av alle typar uselde varer. Eit forbod mot destruksjon av uselde varer kan også bli innført for andre produktgrupper på sikt. I første omgang skal forbodet gjelde dei store klesaktørane.

Når regelverket er blitt ein del av EØS-avtalen, vil det gjelde i Noreg også.