Vekas viktigaste: Evakuering, ny presidentkandidat og utviste diplomatar

Åshild Slåen
Publisert

Utviser norske diplomatar frå Russland

Den norske ambassaden i Moskva. Foto: LEMeZza, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Onsdag vart ti norske diplomatar som arbeider i Russland erklært uønskte av det russiske utanriksdepartementet, og dei må reise frå landet. Ifølgje Russland er dette ein reaksjon på at Noreg 13. april erklærte 15 russiske diplomatar uønskte.

Grunnen til at Noreg gjorde dette, var fordi dei slo fast at russarane ikkje var diplomatar, men spionar for den russiske staten. Russland har nekta for dette, og difor utviser dei no norske diplomatar.

Det norske utanriksdepartementet seier at dei ser på dette som ein hemnaksjon.


FN ventar 270 000 flyktningar frå Sudan

Fleire land har evakuert statsborgarar frå Sudan den siste tida. Her med britiske statsborgarar frå ein militær flyplass eit stykke utanfor hovudstaden Khartoum, onsdag 26. april. Foto: PO Phot Aaron Hoare/UK Ministry of Defence via AP

Etter kampane braut ut i Sudan har fleire blitt drivne på flukt i landet. FN gjekk tysdag ut med at dei ventar at 270 000 sudanarar må flykte frå Sudan til nabolanda Tsjad og Sør-Sudan.

Fleire land har evakuert statsborgarar, eller folk med tilknyting til landet sitt frå Sudan den siste veka. I tillegg til tre norske diplomatar har det norske utanriksdepartementet evakuert 85 norske statsborgarar frå landet.

Det skal framleis vere fleire personar med norsk tilknyting som UD kjenner til i Sudan. Hæren i Sudan har forlenga våpenkvila i 72 timar frå natt til fredag, som gir litt meir tid til trygg evakuering.


Joe Biden stiller som presidentkandidat

Gammel mann står på talarstol i fabrikklokale.

Illustrasjonsbilete. Frå 3. april 2023, då Joe Biden heldt ei tale på eit kraftverk i Minnesota. Foto: Cameron Smith / The White House via Flickr.

Den amerikanske presidenten Joe Biden (80) stadfesta tysdag at han stiller til attval. Det tyder at han truleg blir den offisielle presidentkandidaten for det demokratiske partiet, sidan ingen andre i partiet er venta å utfordre han.

Biden er den eldste presidenten i amerikansk historie, og dersom han vinn, vil han vere 86 år når han er ferdig med sin andre periode.

Kven som blir den republikanske presidentkandidaten er ikkje bestemt enno. Toppkandidaten deira er Donald Trump, og det kan bli ein omkamp mellom dei to til neste år.

USA sitt presidentval kjem til å skje 5. november i 2024.


90 funne døde i massegrav i Kenya

Personar i grøn uniform står ved eit hol.

Kenyansk politi i Shakahola-området der dei grev opp leivningar. Foto: AP Photo

Pastoren i ei kristen sekt i Kenya er mistenkt for å ha oppmoda medlemmar til å svelte seg i hel. Det er funne leivningar frå 90 døde personar i ei massegrav søraust i Kenya. Over halvparten av dei er barn.

Massegrava er på eigedomen til Paul Makenzie Nthenge, som er pastor i Good News International Church. Politiet aksjonerte mot kyrkja før helga etter opplysningar om at pastoren skal ha oppmoda folk til å svelte i hel for å møte Jesus.

Nthenge har nekta for at han har gjort noko gale, og hevdar at han la ned kyrkja i 2019. Han skal møte i retten 2. mai.


Søkartal til høgare utdanning: lærarstudium stuper

Bielte av skjerm med nettsida til Samordna opptak

Søknadsfristen til høgare utdanning var 15. april. Foto: Åshild Slåen

Måndag kom søkartala for høgare utdanning. Det er 21,9 prosent færre søkarar til lærarutdanningar enn det var i fjor. Tala har ikkje vore så låge sidan 2008.

Dei mest populære utdanningane er:

  1. Siviløkonom (mastergrad) – NHH
  2. Rettsvitskap (mastergrad) – Universitetet i Oslo
  3. Rettsvitskap (mastergrad) – Universitetet i Bergen
  4. Organisasjon og leiing (årsstudium deltid/nettbasert) – Høgskulen i Innlandet
  5. Leiing (årsstudium nettbasert) – Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
  6. Industriell økonomi og teknologileiing (master) – NTNU
  7. Politiutdanning (bachelor) – Politihøgskolen i Oslo
  8. Arkitektur (master) – Arkitekt- og designhøgskulen i Oslo
  9. Økonomi og administrasjon (bachelor) – NTNU
  10. Berekraftig økonomi og leiing (årsstudium nettbasert) – NMBU

Totalt er det 135 980 personar som har søkt på studieplass i vår.


Lyspunkt: Fyrste Barbie-dokke med Downs syndrom

Jente med Downs syndrom held ei Barbie-dukke med Downs syndrom

Modell Ellie Goldstein er stolt over den nye dokka. Foto: Catherine Harbour/Mattel

Leiketøyselskapet Matell har lansert den fyrste Barbie-dokka med Downs syndrom, skriv The Guardian. Dokka er utvikla i samarbeid med organisasjonen National Down Syndrome Society (NDSS), som jobbar med å fronte rettar for personar med Downs syndrom i USA.

Dei har jobba for at dokka skal ha kjenneteikn som er typiske for folk med Downs syndrom. Ho har eit rundare ansikt, mindre øyre, flatare nase og mandelforma auge. Hendene til dokka vil òg ha ei linje på seg.


Vil du få vekas viktigaste rett i innboksenAbonner på nyheitsbrevet vårt!