1. Siviløkonom (mastergrad) – NHH i Bergen
2 170 søkjarar til 500 studieplassar
Dette er dei ti mest populære studia
Søkjartala for høgare utdanning er klare. Her er dei mest populære studia.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I alt 135 980 personar har våren 2023 søkt studieplass på i alt 27 høgskular eller universitet via Samordna opptak.
Med 62 590 studieplassar betyr det at det er 2,2 søkjarar per studieplass, melder Regjeringa.
Her er dei 10 mest ettertrakta studia:
2. Rettsvitskap (mastergrad) – Universitetet i Oslo
2 159 søkjarar til 224 studieplassar
3. Rettsvitskap (mastergrad) – Universitetet i Bergen
1 926 søkjarar til 380 studieplassar
4. Organisasjon og leiing (årsstudium deltid/nettbasert) – Høgskulen i Innlandet avdeling Rena
1 391 søkjarar til 220 studieplassar
5. Leiing (årsstudium nettbasert) – Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet avdeling Alta
1 249 søkjarar til 800 studieplassar
6. Industriell økonomi og teknologileiing (master) – NTNU i Trondheim
1 245 søkjarar til 144 studieplassar
7. Politiutdanning (bachelor) – Politihøgskolen i Oslo
1 187 søkjarar til 176 studieplassar
8. Arkitektur (master) – Arkitekt- og designhøgskulen i Oslo
1 133 søkjarar til 60 studieplassar
9. Økonomi og administrasjon (bachelor) – NTNU i Trondheim
991 søkjarar til 205 studieplassar
10. Berekraftig økonomi og leiing (årsstudium nettbasert) – NMBU Ås
973 søkjarar til 200 studieplassar
Først på ellevte plass dukkar medisinstudiet ved Universitetet i Oslo opp. Her er det 965 søkjarar til 120 studieplassar hausten 2023.
Meir deltid
Ifølgje pressemeldinga er det ei tydeleg trend at fleksible studium som går via nett, deltid eller er samlingsbaserte er meir populære. Dei siste ti åra har talet på søkjarar som har deltid som førsteval dobla seg.
Forsknings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) trur det har samanheng med at fleire vil kombinera utdanning med jobb og familie.
Han peiker på at det no er dobbelt så mange søkjarar per studieplass på sjukepleiarutdanningane som tilbyr deltid, samanlikna med fulltid.
– Eg trur fleksible utdanningar er ein av nøklane til å få utdanna nok folk til skule og helsetenester over heile landet. Me må gjera kaka større, og nå fleire av dei som ikkje har høve til å ta ei heltidsutdanning, seier Borten Moe i pressemeldinga.
Les også: Kristina (28) er revisor – fekk jobb før ho var ferdig utdanna