Marie Knutsen Bruntveit
Publisert
Oppdatert 05.05.2023 09:05

Saka var først publisert i Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.

Barbieskaparane samarbeidde med organisasjonen National Down Syndrome Society (NDSS), som jobbar med å fronta rettar for personar med Downs syndrom i USA, skriv The Guardian.

– Me vil passa på at alle barn skal kunne sjå seg sjølv i Barbie, seier Mattel om den nye dukka.

Barbie-dukke med Downs syndrom

Den nye Barbie-dukka er laga med typiske kjenneteikn på Downs syndrom Foto: Jason Tidwell/Mattel

Designa med omtanke

NDSS og Mattel var opptekne av at dokka skulle ha mange av kjenneteikna som er typiske for folk med Downs syndrom.

Talsperson for NDSS, Kayla McKeon viste fram dokka på TV-programmet Good Morning America, der ho forklara dei unike kvalitetane til dokka.

Den nye dokka har eit rundare ansikt, mindre øyre, flatare nase og mandelforma auge. Hendene til dokka vil òg ha ei linje på seg.

Dokka har òg på seg eit heilt spesielt smykke. På smykket kan du sjå tre piler som peiker oppover. Dei skal symbolisera tre kopiar av det 21. kromosomet.

– Betyr mykje

Ellie Goldstein er ein av modellane som tek del i marknadsføringa av den nye dokka.

– Då eg fyrst såg dokka vart eg veldig emosjonell og stolt. Det betyr mykje for meg at ungar kan leike med dokka og læra seg at alle er ulike, skriv Goldstein på Instagram.

Lily D Moore i Netflix-serien «Never Have I Ever». Foto: Netflix

Downs syndrom

  • Downs syndrom er òg kalla Trisomi 21.
  • Downs syndrom kjem av ein ekstra kopi av kromosom 21. Personar med Downs har altså tre av dette kromosomet heller enn to.
  • Eit kromosom er del av arvestoffet me får av foreldra våre. Dei fleste har 46 kromosom; 23 frå mor og 23 frå far. Personar med Downs har 47.
  • Kvart år blir om lag 10–12 barn fødd med Downs syndrom i Noreg.