Nordmann vart månadens spelar i Danmark
Ødegaard-vikaren fekk både pris og landslagsplass i september.

Kristian Arnstad (22) er henta inn i den norske landslagstroppen som erstattar for ein kneskadd Martin Ødegaard. No er han kåra til månadens spelar i dansk fotball.
Arnstad kjempa med landsmannen Mohamed Elyounoussi i FC København og Silkeborgs Callum McCowatt om den gjæve utmerkinga for september månad.
På flyet på veg til landslagssamling med Noreg vart Arnstad oppringt av lagkameratane, som overraska han med prisen.
– Dette er sjølvsagt gøy, og eg kunne sjølvsagt ikkje gjort det utan dykk, boys. Me har hatt ein sterk månad og skal halda fram sånn, sa ein smilande Arnstad.
Arnstad har vore ein nøkkelfigur i Jacob Poulsens sigerrike AGF-mannskap denne sesongen. Fire mål og ein målgivande pasning er fasiten så langt for midtbanespelaren.
Søndag vart Arnstad teken ut i den norske landslagstroppen til kampane mot Israel og New Zealand som erstattar for ein skadd Martin Ødegaard.
Dermed kan det bli ei innhaldsrik veke for Danmark-proffen.