Mikroplast spreidd i heile Noreg – til og med i lufta over Ny-Ålesund

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ellen Hambro er direktør i Miljødirektoratet. Foto: Miljødirektoratet

– Det bekymrar oss at vi finn mikroplast over alt kor vi undersøkte, til og med på stadar så lite påverka av menneskeleg aktivitet som i lufta høgt over Ny-Ålesund på Svalbard, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro, i ei pressemelding.

Miljødirektoratet starta i 2021 opp eit nasjonalt overvakingsprogram for mikroplast, for å følgje utviklinga i mengd og ulike typar mikroplast i miljøet over tid.

Dei første resultata ligg no føre i ein ny rapport som er utarbeidd av Norsk institutt for vassforsking (Niva) og Norsk institutt for luftforsking (NILU) på oppdrag frå Miljødirektoratet.

Resultata stadfestar at mikroplast blir spreidd over store område, og også kan hamne i urørt natur.

Det vart påvist mikroplast i luft- og nedbørsprøver både på Birkenes i Sør-Noreg og ved Zeppelinobservatoriet på Svalbard. Konsentrasjonen var fire gonger høgare i Sør-Noreg enn på Svalbard. Dette kjem truleg av større nedbørsmengd, og påverknad frå luftmassar frå kontinentet.

Det er i tillegg teke totalt rundt 300 vassprøver frå ti område langs kysten, og dessutan frå passasjerbåten Color Lines rute mellom Oslo og Kiel og frå indre Oslofjord.


Les også: Skepsis til klimaskam: – Eg mister mykje glede med ting eg gjorde før

F.v. August Ihle, Gina Gerhardsen, Maria Myrene Nørstebø og Herman Midttun Tobiassen. Foto: Eirik Lygre