Ber bygdekommunane skjerpe seg – etterlyser bruk av influensarar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Det var i ein kronikk på NRK.no at psykolog og influensar Johanne Refseth, også kjend som «psykolog med sovepose», tok eit oppgjer med det ho meiner er mange kommunar si manglande evne til å fortelje potensielt nye innbyggjarar om korleis det verkeleg er å bu der.

I kronikken skriv ho blant anna dette:

«Er det koselig der? Hvem vet. Er det bra tilbud til ungene? Ingen aning. Hva med det sosiale, er folk greie, foregår det noe der som er morsomt? Markedsføringen av Distrikts-Norge er fraværende. Eller det vil si: Den når iallfall ikke frem til meg».

For som ho seier: Det er ingen i verda som surfar rundt på kommuneheimesider. Og kommunale Instagram-kontoar ber i stor grad preg av å vere sett bort til ein person som må røkte kontoen i tillegg til ein annan jobb. Og det er ikkje nok med fine bilete av bygda.

Skjermdump frå Sunnfjord kommune sine heimesider

Naustdal, som Johanne Refseth nemner i kronikken, ligg i Sunnfjord kommune. Skjermdump frå Sunnfjord kommune sine heimesider.

For ein Instagram-konto med feriebilete er ikkje det same som ein konto spesiallaga for å tiltrekkje seg folk som skal flytte permanent, meiner ho.

– Det er som å produsere den feitaste bilen i verda, hengje opp ein lapp på den lokale Prix-butikken og deretter klage over at salet går dårleg, heiter det blant anna i kronikken.

– Ein ny røyndom

– Heile poenget er at det er ein ny røyndom der ute. Etter pandemien er det mogleg å jobbe på ein heilt annan måte enn før ved å ta med seg jobben. I tillegg er det mange i dei store byane som slit med aukande rente, høge straumutgifter. Dei har fått dårleg råd. Denne gruppa er lågthengjande frukt å plukke for kommunar i Distrikts-Noreg, seier Johanne Refseth til Nynorsk pressekontor.

Ho trur mange kan tenkje seg å å byte ut eit stressande liv i hovudstaden og andre større byar, der mesteparten av inntektene går til å bu, med betre tid til å vere saman med familien, der kanskje ikkje begge foreldra treng å jobbe 100 prosent – rett og slett eit rolegare og billegare liv på landsbygda.

– Distrikts-Noreg har mykje å by på. Kommunane fokuserer mykje på å skape arbeidsplassar, men dei må hugse på at vi faktisk kan ta med oss arbeidsplassen vår også. Mykje av bakgrunnen for at eg skreiv denne kronikken, var at eg faktisk kjenner mange som er i same situasjon som oss, og som faktisk kan tenkje seg å gjere noko slikt. Men dei saknar skikkeleg informasjon, legg ho til.

Rosar Fyresdal kommune

Johanne Refseth gir i kronikken ros til Fyresdal kommune i Telemark for bruken deira av influensarar i marknadsføringa av kommunen. Ifølgje henne har kommunen i dag problem med å skaffe bustader til folk som ynskjer å flytte dit.

Mann utan hår poserer framfor Ap-logo

Erik Skjervagen er ordførar i vekstkommunen Fyresdal i Telemark. Foto: Privat

– Det stemmer faktisk. No veit vi ikkje om det kjem av bruken av sosiale medium, men vi har no eit veldig press på å skaffe bustad til dei som ynskjer å flytte hit. Det er også ein del flyktningar inne i biletet, men det er ikkje dei som har ført til presset på bustadmarknaden, seier ordførar i Fyresdal, Erik Skjervagen til NPK.

Han stadfestar at dei leigde inn to influensarar for å marknadsføre kommunen på sosiale medium, men at dette prosjektet no er avslutta. Det var mange unge som tok kontakt med kommunen i løpet av og etter dette prosjektet, fortel han.

Han konstaterer at det er for tidleg å seie om dei har greidd å snu ei negativ innbyggjarutvikling til det betre på permanent basis, men at dei i dag er på veg oppover folketalsmessig.

– Det er ingen tvil om at mange har lagt merke til oss. Vi har markert oss på fleire måtar dei siste åra. For tre år sidan vart vi kåra til beste oppvekstkommune for barn og unge, og tidlegare i år vann vi tittelen Årets næringslivskommune. Det har gitt oss mykje positiv omtale, og alle desse tinga har drege i same retning, legg han til.

Influensar Gisle Agledahl fekk pris for Årets betalte kampanje, for sitt arbeid med Fyresdal kommune:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Gisle A. G. Agledahl 🦕 (@firgisle)

– Tek raske avgjerder

Det som pregar Fyresdal i næringspolitikken, seier ordføraren, er at dei tek raske avgjerder, har ei positiv haldning til etableringar, er føreseielege og fleksible, og kan tilby skreddarsydde pakkar til bedrifter som vil starte opp. Og i tillegg eit godt tilbod til gründarar blant anna gjennom eit næringsfond.

Fyresdal er ein liten kommune innbyggjarmessig med litt over 4000 innbyggjarar, men med eit areal på 1277 kvadratkilometer rår dei over store landområde. Likevel ser ordføraren det som ein del av suksessen til kommunen at dei driv omfattande sentralisering til kommunesenteret Moland. Dei har ein skule, ein barnehage og eitt 17. mai-tog.

Bulyst og blilyst i Gol

Ein annan kommune som har teke sosiale medium på alvor er Gol i Hallingdal. Gjennom prosjektet Bu- og blilyst i Gol jobbar kommunen målbevisst for å auke talet på innbyggjarar gjennom innflytting. Det skal vere godt å bu der, så godt at dei vil bli.

Ung kvinne i friluftsklede med hund

I Gol har trønderen Mia Sofie Sandvold funne seg godt til rette. Her er god plass til henne og hundane, fortel ho. Foto: Privat.

– Det konkrete målet er å nå fleire innbyggjarar i aldersgruppa 25 til 30 år. Vi har blant anna snakka direkte på telefon med over 100 personar i aldersgruppa som har tilknyting til kommunen, både fastbuande og utflytta. Vi har 1.250 følgjarar på Facebook og Instagram, men profilen har faktisk nådd 50.000 kontoar dei siste 30 dagane. Vi brukar sosiale medium aktivt i marknadsføringa av Gol som ein attraktiv kommune å bu og arbeide i, seier prosjektleiar Mia Sofie Sandvold.

Ho fortel at dei også har fått rundt 50 svar på ei spørjeundersøking om kva kommunen kan gjere for å tiltrekkje seg fleire innbyggjarar i den aktuelle aldersgruppa. Dette er litt for ferskt til å trekkje ein konklusjon, seier Sandvold, men ho lovar at dei kjem til å bruke svara aktivt i arbeidet.

Prosjektet i Gol kommune starta for vel eitt år sidan. Kommunen kan vise til aukande folketal, og dei satsar på at den utviklinga vil halde fram. Det er viktig å få fleire innbyggjarar i alderen der ein gjerne stiftar familie.

Influensarar i Skjåk

Skjåk kommune i Innlandet har også teke grep om sosiale medium. Dei har lyst ut fire stillingar i jakta på det dei kallar «kommuneinfluensarar». Det er snakk om sommarjobb. Dei jaktar på menneske mellom 16 og 24 år som har tilknyting til Skjåk. Søknadsfristen er ute, og åtte personar har søkt på jobbane, ifølgje NRK Innlandet.

Annonsa delt frå Skjåk kommune:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Skjåk kommune (@skjak.kommune)

Målet er å vise fram alt kommunen har å by på, både jobbmessig, natur og fritidssyslar. Håpet er få nye innbyggjarar til kommunen, som er ein av mange med negativ folketalsutvikling. Det blir stadig fleire eldre og samstundes færre i yngre aldersgrupper.

Det same gjeld for dei fleste kommunane i Distrikts-Noreg.

Liva Barona har også fått seg ein romkamerat i vanen, den vesle kvalpen Lū.
Foto: Bente Kjøllesdal