Anna (25) og Martin (27) fann draumeleilegheita på bygda etter halvtanna år med leiting

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Før påske flytta Anna Brugrand (25) og Martin Løvlid (27) inn i den nye leilegheita si i Lærdal ved Sognefjorden.

Paret hadde følgt med på marknaden lenge. Dei ville eigentleg bu lenger oppe i dalen, der familien til Brugrand bur, men det var få hus som kom til sals. Dei enda difor opp med å kjøpe sentralt i bygda.

– Vi brukte halvtanna år på å finne bustaden. Det var lite på marknaden, og vi måtte jo finne noko vi hadde lyst på, seier Brugrand.

Vil ikkje til by’n

Brugrand og Løvlid har budd i Sogndal, på andre sida av fjorden, i fleire år. Då ho var ferdig med utdanninga, ville Brugrand flytte heim att. No jobbar ho på hotellet som familien hennar eig, denne sesongen som dagleg leiar. Sambuaren Martin jobbar som tømrar i svigerfar sitt selskap.

– Eg likar meg i Lærdal, og har familien min her, seier Brugrand.

– Det var naturleg å flytte heim att og jobbe på hotellet. Eg hadde ein gong eit ønske om å studere i ein større by, men vi vart verande i Sogndal. No trivst vi her, og ingen av oss har behov for å flytte til byen. Ein slår seg til ro, seier Brugrand.

41.000 per kvadratmeter

Medan paret budde på garden til foreldra hennar, var dei på fleire visingar, men utan hell.

I fjor sommar fann dei omsider ei leilegheit dei ville kjøpe, og kjøpskontrakten vart signert i oktober.

Med nokre oppgraderingar vart prisen 3,6 millionar. Med eit bruksareal på 87 kvadratmeter er kvadratmeterprisen på 41.400 kroner.

Anna Brugrand og Martin Løvlid fann til slutt ei leilegheit dei ville ha i Lærdal sentrum. Foto: Privat

Til å vere i Lærdal er prisen forholdsvis høg. I fjor var snittprisen for einebustader i kommunen like under 20.000 kroner per kvadratmeter. Men teke i betrakting at leilegheita er splitter ny, og at ho ligg sentralt og attraktivt til i bygda, meiner Brugrand at prisen er rimeleg. Ho påpeiker også at prisane på byggevarer steig mykje etter at pandemien starta.

– Viss vi skulle kjøpt ei ny leilegheit av denne storleiken i byen, hadde prislappen vore ein heilt annan. Kanskje det dobbelte, seier ho.

 

På den andre sida er det nok lettare å finne akkurat det du leiter etter i byane, trur Brugrand. Det er mykje større fart i marknaden. Ho slår fast at det er viktig å finne ein bustad som ein vil bu i, når ein skal gjere ei slik investering.

– Eg synest at vi var heldige. Vi kom inn tidleg i byggefasen, og fekk gjere nokre oppgraderingar så vi fekk det som vi ville. Hadde vi kjøpt nokre av dei andre bustadane vi var på vising i, måtte vi nok ha gjort litt om på dei, seier ho.

Spart og lånt

Paret har gått inn 50/50 om finansieringa. Brugrand har spart litt i BSU medan ho studerte. Dessutan har ho fått økonomisk hjelp frå foreldra. Løvlid byrja som lærling då han var 18, og har jobba sidan, så han har rokke å spare opp ein del, både i BSU og ved sidan av.

– Då fekk vi lånet vi trong, seier Brugrand.

Dei to synest det har vore greitt å vere førstegongskjøparar i Lærdal.

– Då vi byrja å leite, var det ikkje så mykje på marknaden, men i det siste har det losna litt. Det er mange unge som kjøper, men også mange eldre. Når dei eldre er i den fasen av livet at dei vil flytte i leilegheit, kjem det også ein del hus for sal, seier Brugrand.

Ho trur det er mykje verre å komme seg inn på bustadmarknaden i Sogndal. I regionsenteret inst i Sognefjorden har prisane vakse enormt. Dei byrjar å nå same nivået som ein kan sjå i Bergen og Oslo.

– Det er fascinerande, seier Brugrand.

Anna Brugrand og Martin Løvlid fekk seg ei flunkande ny leilegheit på 87 kvadratmeter. Foto: Privat

– Den som leitar, finn

Stine Thue, eigedomsmeklar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, stadfester at bustadmarknaden i Sogndal er svært pressa. I dei andre bygdene i regionen er det langt lettare å finne noko, fortel ho.

– Der er det meir å velje mellom. Vi opplever som regel at dei som leiter, får tak i det. Men det tek gjerne lengre tid å få selt ein bustad. Nokre stader ser vi også at marknadsprisen kan verte lågare enn den tekniske verdien av ein nyare bustad, seier ho.

Ho viser til Lærdal, der Anna Brugrand og Martin Løvlid kjøpte leilegheita si. Der er det rift om spesielle bustader i sentrumskjerna, eller hus som ligg fint til.

– Men det er meir å velje i blant eldre einebustader som treng oppussing.

Thue stadfester at det er mindre omløp i dei mindre bygdene.

– Det finst bustader å velje mellom, men kanskje ikkje akkurat det ein har lyst på. Når det er færre som bur i bygda, er det mindre i omløp. Då må ein gjerne vente lenger på at den rette bustaden skal dukke opp, seier ho.

Thue fortel at førstegongskjøparane i regionen stort sett er interesserte i det same som andre, men at dei gjerne er forsiktige og bruker lengre tid på å bestemme seg.

– Vi rådar førstegongskjøparar til å gå på fleire visingar for å verte kjent med prosessen. Sjølv om dei ikkje er interesserte i den spesifikke bustaden, kan dei bli kjende med kva dei kan få og fange opp korleis marknaden fungerer. Mange har også med seg eit ekstra par auge på vising, seier ho.


Les også: 

Laura (23) skal bu i sjølvbygd minihus: – Det handlar mest om fridom

Med lågt forbruk siktar danske Laura Sørensen (23) på ei studietid utan sidejobb, for å få betre råd målt i ein annan valuta enn pengar: tid.

Danske Laura Sørensen (23) har brukt året på Fosen folkehøgskule til å hogga eige tømmer og byggja minihus. Foto: Instagram