1 av 4 slutta å følge influensar fordi dei blei negativt påverka

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert i Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.

Éin av tre unge har heller ikkje tillit til influensarane dei følgjer. Det kjem fram i ei undersøking som Mental helse har gjort, skriv NRK.

Mental Helse inngår no eit treårig samarbeid med stiftinga INSJ for å skapa gode førebilete i sosiale medium.

INSJ er eit fellesskap med norske påverkarar og innhaldsskaparar som ønskjer å gi eit meir positivt innslag i feeden på sosiale medium.

– Dette er eit unikt samarbeid for Mental Helse der me får eit godt høve til å førebyggja gjennom sosiale medium. Det er viktig at ungdom har gode førebilete å sjå opp til, seier generalsekretær i Mental Helse, Linda Berg-Heggelund, i ei pressemelding.

 

INSJ

  • INSJ vart starta av Gisle A. G. Agledahl, Jenny Skavlan og Isabelle Ringnes
  • Stiftinga INSJ er eit fellesskap av påverkarar som tener pengar på kommersielle samarbeid
  • Medlemmane forpliktar seg til å gi bort minst 1 prosent av inntektene sine til stiftinga INSJ, som årleg donerer dette til eit veldedig føremål.