Natur og Ungdom ber Noreg droppa gruvedrift på havbotnen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Fylkesleiar i Vestland Natur og Ungdom, Ingrid Eline Barrabés Gørrissen. Foto: Natur og Ungdom

– Forskarane verda over er krystallklare: Me veit for lite om konsekvensane gruvedrift vil få for djuphava, for fiskeribestandane, moglege medisinar og sårbare dyreartar.

Det seier Ingrid Eline Barrabés Gørrissen, fylkesleiar i Vestland Natur og Ungdom, i ei pressemelding.

Regjeringa føreslår opning

I samband med havkonferansen One Ocean Week har organisasjonen samla seg i vertsbyen Bergen for å demonstrera mot gruvedrift på havbotnen.

Olje- og energidepartementet avslutta i januar ein høyringsrunde om å opna nye område for mineralleiting- og utvinning på havbotnen. Natur og Ungdom ber regjeringa leggja denne prosessen daud.

Regjeringa kan ikkje køyra gjennom ein opningsprosess når me ikkje veit noko om 99 prosent av dei føreslåtte områda, seier Barrabés Gørrissen i pressemeldinga.

Områda som er føreslått opna eller å utgreiast ligg i Norskehavet mellom Jan Mayen, Bjørnøya og Svalbard.

Store ressursar på havbotnen

Oljedirektoratet reknar med at det er betydelege metallressursar på kring 3000 meter djup i området. I vurderinga si skisserer Oljedirektoratet at det kan dreia seg om 38 millionar tonn koppar, 45 millionar tonn sink, 2317 tonn gull, 85 000 tonn sølv og 1 million tonn kobolt.

I tillegg reknar dei med store mengder kobolt, litium, magnesium, titan og andre mineral som er etterspurde i arbeidet med det grøne skiftet.

– For å stadfesta om mineralressursane er utvinnbare, og kan vinnast ut med akseptabel grad av miljøpåverknad, vil det krevja både vidare utforsking av havbotnen og teknologiutvikling rundt utvinningsmetodar, skriv direktoratet i ei pressemelding.

Equinor vil ikkje satsa

I samband med høyringssvaret sitt uttala Equinor til NRK at mineral frå havbotnen ikkje er ein del av deira strategi eller satsingsområde.

Òg Aker BP har avvist at dei har konkrete planar knytt til mineralutvinning på havbotnen, ifølgje NRK.

Natur og Ungdom viser til høyringssvara frå Miljødirektoratet, Havforskningsinstituttet og Noregs Geologiske Undersøkelser, som er kritiske til forslaget om opning.

I 2021 fekk WWF med seg store selskap som Google, BMW, AB Volvo Group og Samsung SDI på å ikkje kjøpa mineral frå havbotnen før ein veit meir om miljøkonsekvensane.

Fagansvarleg i sentralstyret til Natur og Ungdom, Eri Melhus. Foto: Natur og Ungdom

Oppmodar Støre til å lytta

Natur og Ungdom meiner spørsmålet om gruvedrift på havbotnen blir den store testen for om den norske regjeringa verkeleg meiner det dei seier om å lytta til kunnskap.

– Noreg er ein stolt leiar av det internasjonale høgnivåpanelet for berekraftig hav, eit panel som krev at havbotnen blir beskytta mot gruvedrift. Opnar me for havbotnmineral, køyrer Jonas Gahr Støre rett og slett over sitt eige ekspertpanel, seier Eri Melhus, fagansvarleg i sentralstyret til Natur og Ungdom i pressemeldinga.

Les også: Ungdomsorganisasjonar om klimarapport: – Forskingas siste naudskrik

Ungdommar med bind for auga framfor Stortinget.

Frå klimademonstrasjonen framfor Stortinget. Fleire organisasjonar slo seg saman for å markere den nye klimarapporten frå FN. Foto: Rasmus Berg/Natur og ungdom via Flickr