Grunneigarar anka dom frå Borgarting lagmannsrett om gruvedrift i Engebøfjellet. Høgsteretts ankeutval har vedteke at anken skal behandlast i Høgsterett.
NPK-NTB
NPK-NTB

Arctic Mineral Resources (AMR) og Nordic Rutile (NRU) har kniva om retten til gruvedrift i Engebøfjellet ved Førdefjorden i Sunnfjord. I oktober i fjor vann Nordic Rutile rettssaka i Borgarting lagmannsrett.

AMR, som er eigd av fleire grunneigarar rundt Engebø, anka dommen til Høgsterett. Dei ønskjer å vinne ut granat utan dagbrot og deponi.

Gruveprosjektet er omstridd, mellom anna fordi NRU vil deponere 250 millionar tonn overskotsmassar i Førdefjorden. Dei skal etter planen vinne ut minerala rutil og granat.

NRU er eit heileigd dotterselskap av Nordic Mining.

Det er framleis ukjent når saka skal behandlast.


Gina Gylver og Natur og Ungdom demonstrerte mot gruvedeponi i Førdefjorden i fjor. Fleire av demonstrantane vart arresterte og pålagde bøter. Foto: Amanda Iversen Orlich/Natur og Ungdom
Oppdatert: onsdag 5. april 2023 10.06

LES OGSÅ

ANNONSE