Fleire har problem med å betale tilbake til Lånekassa

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stadig fleire av dei som har lån i Lånekassa ber om betalingsutsetjing. Samstundes aukar talet på purringar og rekningar som går til inkasso.

Alle som betaler på studielånet sitt, kan utsetje rekninga i 36 månader. I første kvartal 2023 søkte 146.000 kundar om minst ei betalingsutsetjing. Før koronapandemien var det i snitt 121.000 kundar som søkte om utsetjing i løpet av eit heilt år.

– Vi ser at fleire kundar nyttar seg av moglegheita til å utsetje betalinga, og kundane søkjer gjerne om fleire betalingsutsetjingar når dei først søkjer, seier direktør Kjetil Moen i Lånekassa i ei pressemelding.

Fortset etter pandemien

Under pandemien var det mogleg å utsetje betalinga utan å bruka av kvoten på 36 betalingsutsetjingar. Bruken av utsetjingar auka betydeleg i denne perioden, og talet er framleis aukande sjølv om ein no må bruke av kvoten.

– Tiltaket med ekstra utsetjingar vart innført på grunn av forventingar om høgare arbeidsløyse under pandemien. Etter at pandemien er over, kan prisvekst og auka renter vere grunnar til å at mange vel å utsetje betalinga, seier Moen vidare.

Når ein utset betalinga, blir nedbetalingstida forlengd like lenge som ein har utsett. Ein må betale meir renter totalt, og terminsummen for resten av terminane blir litt høgare.

Fleire purringar og inkasso

Samstundes som fleire ber om utsetjing, aukar også talet på purringar og rekningar som går til inkasso.

– Både purringar og inkassovarsel auka med 30 prosent første kvartal i år samanlikna med same periode i fjor. Samla teiknar dette eit bilete av at fleire har betalingsproblem, og at det er vanskelege økonomiske tider, avsluttar Kjetil Moen.


Logoen til Lånekassen

Rentene i Lånekassen går opp frå 1. mai. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK