No kjem første rekning: Fleire avsluttar studia med milliongjeld

Fleire enn nokon gong avsluttar høgare utdanning med milliongjeld, og i fjor var snittgjelda på nær ein halv million kroner. – Enorme summar, seier økonomiprofessor.

NPK – Heidi Molstad Andresen
Publisert

Når du sluttar å studere på fulltid eller tek eit friår og ikkje lenger får studielån, kjem også rekninga for moroa og strevet. I underkant av 800.000 nordmenn betalar allereie tilbake på studielånet sitt, og 25. januar vil nye 52.000 tusen nordmenn få si første rekning frå Lånekassen. Ho er høg for somme.

I forfjor avslutta rundt 1250 studentar høgare utdanning med ei studiegjeld på over ein million kroner. Det var rekord. I 2012 var det berre ti som avslutta med å skulde like mykje pengar. Tala over kor mange som sette strek for studentlivet med milliongjeld i 2023, er enno ikkje klare seier Lånekassen. Det er likevel liten grunn til å tru at trenden har snudd.

For der snittgjelda etter ferdig høgare utdanning var på 321.000 kroner (målt i 2022-kroner) i 2012, auka snittet til 410.000 kroner i 2022. I fjor hadde snittet auka endå meir – til 427.000 kroner per person.

– Det er enorme summar. Eg håpar verkeleg at dei som har dei største låna også får ein jobb der dei tener mykje, slik at gjelda står i høve til livsinntekta, seier Ola Grytten, som er økonomiprofessor ved Noregs handelshøgskule i Bergen, til Nynorsk pressekontor.

Utsetjing eit varsku

At éin av fire Lånekassen-kundar utsette éin eller fleire betalingar i fjor, forundrar ikkje professoren frå Ålesund. Han påpeiker at studielånsrenta ofte er mykje lågare enn renter på forbrukslån og kredittkort, og tidvis også lågare enn somme bustadlånsrenter.

Ein av fire Lånekassen-kundar utsette éin eller fleire betalingar i fjor. – Det er eit varsku – om at her kan det liggje større gjeldsproblem dersom renta held fram med å vere høg, seier Ola Grytten, som er professor i økonomi ved Noregs handelshøgskole i Bergen.

Det er likevel eit men:

– Dette er ei gruppe som er i etableringsfasen og som kanskje nettopp har kjøpt både bustad og bil. Det gir meining at dei utset betalinga på studielånet som har låg rente og der det er vilje til å gje betalingsutsetting. Samstundes vil eg tru at delen som vel å utsette betalinga også har auka kraftig. Og det er eit varsku – om at her kan det liggje større gjeldsproblem dersom renta held fram med å vere høg, seier Grytten.

Verdsmeistrar

Ifølgje E24 hadde Lånekassen renteinntekter på 9,1 milliardar kroner i fjor. Det er 4,8 milliardar meir enn året før.

Tal frå Lånekassen sjølv viser at dei aller fleste vel flytande rente på studielånet sitt. I fjor var det berre litt over 900 personar som søkte om fastrente. Dette er tendensen uansett kva for type lån nordmenn har, påpeiker Grytten:

– Nordmenn er verdsmeistrar i ikkje å ha fastrente, og generelt er det altfor få som har fastrente på låna sine.

I dag ligg den flytande renta hjå Lånekassen på 4,765 prosent, og vil auke til 5,032 prosent frå 1. mars. Fastrentesatsen vil også auke 1. mars, men for dei som har bunde renta på ti år no, er det 4,717 prosent rente som gjeld. Med det har dei altså lågare sats enn dei med flytande rente. Fastrentesatsen for tre år er i dag 5,061 prosent, og 4,870 prosent for fem år.

– Det er ikkje overraskande at fastrenta med den lengste bindingstida er lågare enn den flytande renta. I det ligg det ei forventning om at den flytande renta vil falle endå meir framover, seier Grytten.

Om ein bør velje fast eller flytande, kjem likevel heilt an på den einskilde sin situasjon, forklarar han:

– Om ein har ein økonomi som gjer at ein treng føreseielegheit og sikre tal å kalkulere med, er fastrente eit godt alternativ. Men du risikerer også å gå på eit stort tap, ettersom fastrentesatsane no er veldig ømfintlege for konjunkturar. Viss du toler usikkerheit og er mest oppteken av å ha den renta som med størst sannsyn er lågast over tid, bør du velje den flytande.

Unikt internasjonalt

Når så mange startar yrkeslivet med svært høg studiegjeld, er det ikkje vanskeleg å meine at norske studentar burde få betre vilkår, seier Ola Grytten. Men det betyr ikkje at dagens ordningar er urimelege:

– Ordningane er politisk styrt, og kunne sjølvsagt vore betre. Samstundes må me ikkje gløyme at norske studentar har uvanleg gode vilkår og moglegheiter samanlikna med resten av verda. Ikkje berre fordi skule er gratis her. Ordningane frå Lånekassen er også nær unike i internasjonal samanheng. I Storbritannia, Tyskland og USA tek dei ofte opp heilt enorme lån for å studere. Når alt kjem til alt er eit norsk studielån ei god investering i framtida.

14 ting du bør vite om nedbetaling av studielån

  1. Den første rekninga kjem om lag sju månader etter siste periode du fekk støtte. Då har du to alternativ: Å betale rekninga, eller be om betalingsutsetting (det gjeld og om du ventar på å få delar av lånet gjort om til stipend). Om du ikkje gjer nokon av delane, får du purring.
  2. Rekninga kjem kvar månad. Om du vel avtalegiro, blir du trekt automatisk på forfallsdato og får varsling om det ikkje er dekning på konto. Av dei som nyttar avtalegiro, får 1,6 prosent purringar. Av dei som nyttar e-faktura får 4 prosent purringar.
  3. Gebyret på fyrstegongspurring er på 280 koner, medan andregongspurring med varsel om oppseiing kostar 490 kroner. Etter fire uteståande rekningar blir lånet oppsagt og overført Statens innkrevjingssentral. Før eit lån blir oppsagt, får kunden purringar for fleire månader samstundes. Dei samla purregebyra er på 1.820 kroner.
  4. Standard nedbetalingstid for lån over 302.000 kroner er 20 år. Du kan sjølv korte ned betalingstida og velje om du vil ha forfallsdato den 5., 15. eller 25., kvar månad.
  5. Alle får automatisk flytande rente. Dei er marknadsstyrte og fastsett med utgangspunkt i snittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng. I dag er den flytande renta på 4,765 prosent. Frå 1. mars aukar ho til 5,032 prosent.
  6. Du kan også søkje om fastrente. Då bind du deg til ein bestemt rentesats for tre, fem eller 10 år. Fastrenta blir på same måte som flytande rente. No i januar er fastrenta på 5,061 prosent ved tre års bindingstid, 4,870 prosent ved fem år og 4,717 prosent ved ti års bindingstid. Frå 1. mars aukar fastrenta. Kva ho blir, blir offentleg 10. februar.
  7. Du kan søkje om fastrente seks fastsette gonger i året. Neste søknadsperiode er mellom den 10. og den 17. i februar. Fastrenteavtala gjeld frå månaden etter at du søkte.
  8. Alle kan be om å få utsette studielånsrekninga 36 gonger utan å oppgi grunn. Om du utset betalinga, held dei vanlege rentene fram med å laupe. Nedbetalingstida på lånet aukar tilsvarande med den tida du har bede om utsetting.
  9. Om du har låg inntekt (t.d. om du går på arbeidsavklaringspengar, er arbeidslaus eller sjuk) kan du ha rett til å få sletta renter på lånet og utsette betalingane for ein periode. Det same gjeldt om du er fulltidsstudent med rett til stipend og lån.
  10. Dei som har fullført lærarutdanning med spesialisering i realfag, framandspråk, samisk eller kvensk, kan få sletta inntil 50.000 kroner av studielånet. Tilbodet gjeld ikkje om faga er ein del av eit masterprogram.
  11. Nokre lærarutdanningar kan gje deg mindre lån. Viss du fullfører grunnskulelærarutdanning trinn 1–7 eller femårig lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 og jobbar som lærar i minst tre år, kan du få sletta 106.000 kroner av lånet. Har du grunnskulelærarutdanning trinn 5–10 eller lektorutdanning trinn 8–13 og jobbar som lærar i minst tre år, kan du få sletta 51.000 kroner.
  12. Legar kan få sletta inntil 30.000 kroner i året viss dei jobbar i ein av desse godkjende kommunane: Gratangen og Ibestad i Troms, Rødøy, Nesna, Bø, Øksnes, Evenes, Vega, Flakstad, Moskenes og Andøy i Nordland, Leka, Røyrvik, Høylandet og Lierne i Trøndelag og Aure i Møre og Romsdal. Ordninga gjeld også for dei som har vore legar i dei tidlegare kommunane Torsken og Berg i Troms, Tysfjord i Nordland og Fosnes i Trøndelag.
  13. Dei som har budd i Finnmark og Nord-Troms i eitt samanhengande år kan få sletta 20 prosent av lånet og maksimalt 30.000 kroner kvart år. Grunnskulelærarar kan få sletta ytterlegare 20.000 kroner.
  14. Blir du ufør over ein viss prosent og får uføretrygd, kan du få sletta heile eller delar av studiegjelda di.

Bruk ordningane

Dei aller fleste greier å betene studielånet sitt, fortel kunderettleiar i Lånekassen, Annbjørg Leden Nytrøen til Nynorsk pressekontor. Talet på purringar har likevel auka dei siste åra. Totalt vart 22.350 lån varig oppsagt og overført til Statens innkrevjingssentral i 2023. Det skjer automatisk om ein har fire uteståande rekningar.

– Me har fleire ordningar for dei som slit økonomisk, og oppmodar difor folk til å nytte seg av dei før det går så langt at lånet blir oppsagt. Mange er nok dessverre ikkje klar over alle moglegheitene og kva for rettar dei har. Ingen må kvi seg for å ta kontakt med oss om det er noko dei ikkje finn svar på, på nettsidene våre.

Dersom du har fullført lærarutdanning, jobbar som lege i utvalde kommunar, bur og jobbar i Finnmark eller Nord-Troms eller blir ufør, kan du få sletta delar av studielånet. Ordningane kan også kombinerast, fortel kunderettleiar i Lånekassen, Ambjørg Leden Nytrøen. | Foto: Heidi Molstad Andresen/ NPK

Leden Nytrøen minner også om at studielånsrenta blir politisk sett ut frå renta i resten av marknaden. Det betyr at det høge rentenivået i samfunnet generelt også blir spegla i studielånsrenta. Renteinntektene går tilbake til statskassa.

– Sjølv om studielånet er rimelegare enn snittet i marknaden, er det mange som har merka at terminbeløpet no er blitt høgare. Og uavhengig av renta, er det alltid lurt å ha i bakhovudet at også studielånet er eit lån som skal betalast attende.

Eit fullt basislån for skuleåret 23/24 er på 137.907 kroner.