Ein kan bli lykkeleg av å sjå på sport
Forskarar har no undersøkt korleis det å sjå på sport påverkar deg. Konklusjonen er at det kan vere bra for deg å sitje på tribunen å heie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er britiske forskarar som har forska på korleis sport påverkar livet ditt. Ikkje berre det å delta i ein sport, men òg det å sjå på.
Forskinga viser at dei som ser på sport, er meir nøgde med livet og er lykkelegare.
Mindre einsamt og meir verdt å leve
I ei undersøking bestilt av det britiske kulturdepartementet deltok over 7.000 britar i alderen 16–85 år.
I undersøkinga vart dei mellom anna spurde om kor nøgde dei er med livet og kor ofte dei kjenner seg einsame. Dei vart også spurde om dei hadde vore på eit idrettsarrangement det siste året.
Forskarane fann ut at det å dra på idrettsarrangement påverkar to ting som er viktig for livsgleda: Om du kjenner livet er verd å leve og kor einsam du er. Dei som dreg for å sjå på til dømes ein fotballkamp seier at dei er meir nøgde og at dei kjenner seg mindre einsame.