Elon Musk skal lage «sanningssøkjande» kunstig intelligens

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.04.2023 13:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elon Musk seier at han skal starte opp ei ny kunstig intelligens-plattform som skal vere sanningssøkjande og utfordre Microsoft og Google.

– Eg skal starte opp noko som eg kallar TruthGPT, eller ein maksimal sanningssøkjande KI som prøver å forstå universet, seier Musk i eit intervju med Fox News’ Tucker Carlson.

Musk seier at TruthGPT kan vise seg å bli den sikraste måten for å unngå at kunstig intelligens «utslettar menneskja».

– Dette er ein sein oppstart. Men eg vil prøve å lage eit tredje val, seier Musk.

Kan øydeleggje sivilisasjonen

Han kritiserer Microsoft-støtta OpenAI, selskapet som står bak den mest kjende KI-tenesta ChatGPT, for «å trene opp KI til å lyge», og han seier at OpenAI no har vorte ein lukka kjeldekode i regi av eit kommersielt selskap som er tett kopla til Microsoft.

Han kritiserer også Google-grunnleggjar Larry Page og skuldar han for å ikkje ta KI-tryggleik på alvor.

I intervjuet gjentek Musk tidlegare åtvaringar om utvikling av KI og seier at «KI har potensial til å øydeleggje sivilisasjonen». Ein verkeleg intelligent KI kan skrive enormt bra og potensielt manipulere folkeopinionen, uttaler Musk.

Musk, OpenAI, Microsoft og Page har ikkje svart på Reuters’ førespurnader om å kommentere saka.

Førre månad registrerte Musk selskapsnamnet X.AI Corp i den amerikanske delstaten Nevada. Ifølgje Reuters-kjelder skal Musk ha prøvd å tiltrekkje seg KI-forskarar frå Google til å bli med på oppstarten av TruthGPT.


Kollasj av Vidkun Quisling og Snapchat-AI-avatar

Nazist Vidkun Quisling vart føreslått som nasjonalt helt av Snapchat-boten «My AI». Foto: Riksarkivet. Skjermdump: Snapchat. Kollasj: Framtida.no