Ny leiar i Norsk studentorganisasjon
Landsmøtet i Norsk studentorganisasjon har valt Oline Sæther som ny leiar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saman med det nye Arbeidsutvalet skal ho leie NSO frå 1. juli 2023.
– Eg er utruleg takksam for tilliten Landsmøtet har vist meg, og eg er veldig motivert for å stå på for studentrørsla i året som kjem, seier påtroppande leiar Oline Sæther i ei pressemelding.
Den nye leiaren forventar at Forskings- og høgare utdanningsminister, Ola Borten Moe, følgjer opp arbeidet med å finne løysingar for at kjøpekrafta til studentane ikkje blir svekt vidare.
– Vi ser at kjøpekrafta til studentane stadig søkk i ei tid med stor prisauke i samfunnet. Norske studentar krev at studiestøtta blir auka slik at vi kan bruke mindre tid på deltidsjobben og meir tid på studia, seier den nyvalde leiaren.
Samtidig er Sæther svært bekymra for innføringa av skulepengar for internasjonale studentar utanfor EØS og Sveits.
– Eg håpar og forventar at lovforslaget om skulepengar blir stoppa i Stortinget før sommaren. Men viss ikkje, lovar eg at regjeringa og Stortinget aldri vil få fred frå oss, heilt til dei snur og bevarer gratisprinsippet for alle studentar, seier Oline Sæther.