Hundar kan ha angst
Forsking har vist at hundar med angståtferd hadde annleis hjerne enn andre hundar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv forskning.no.
Dei karakteristiske mønstera i hjerneaktivitet likna funn hos menneske med angstliding, ifølgje ny studie.
Hundane med angst blir lett nervøse og viser sterk frykt til dømes i møte med høge lydar eller framande menneske og hundar. Nokre kan reagere med aggresjon i situasjonar der dei blir engstelege.
Tidlegare forsking på menneske har vist at angstlidingar heng saman med visse mønster i korleis ulike nettverk i hjernen fungerer. Visse hjernedelar kan til dømes ha ein tettare kommunikasjon med kvarandre enn normalt, medan andre kommuniserer dårlegare.
Liknande mønster er no funne hos hundar. Resultata antydar altså at nokre av dei same mekanismane kan liggje bak hos begge artar.
- Les også: Hundar gret av glede når dei ser eigaren