Justisministeren nekta UDI å gi asyl til alle afghanske kvinner

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utlendingsdirektoratet (UDI) ønskte å endre den norske asylpraksisen og gi alle afghanske kvinner asyl, men fekk nei frå justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Det viser dokument som Vårt Land har fått innsyn i.

Redd for auke av asylsøkjarar

Avisa skriv at det i dag er 233 kvinner og jenter som ikkje har fått behandla saka si hos UDI. Endringa kunne ha vorte innført frå 9. mars.

– Vi viser til at avgrensingane i rettane til kvinner i Afghanistan no er blitt så omfattande, og har så alvorlege konsekvensar for afghanske kvinner at det etter ei samla vurdering utgjer forfølging, skal det stå i endringsforslaget.

Justisdepartementet på si side avslo forslaget til endre praksisen.

Dei viser spesielt til at kriteriet om praksisendring kan føre til «ei ikkje ubetydeleg auka tilstrøyming av asylsøkjarar frå visse land eller grupper

Har bedt om ei nærare utgreiing

Statsråd Mehl sa sjølv til Vårt Land for to veker sidan at ho ikkje vil gi asyl til kvinner frå Afghanistan basert på kjønn.

Eg ser det ikkje som aktuelt å gi vern til kvinner frå Afghanistan no, sa Mehl.

Justisministeren viser også til at departementet har bede UDI om ei nærare utgreiing, og at departementet ventar på tilbakemelding frå UDI.


Aktivist Hoda Khamosh (27) har utmerka seg med sin motstand mot Taliban-regimet kamp for kvinners rettar i heimlandet Afghanistan.