ChatGPT trugar heimeeksamen ved UiO

Universitetet vil ha fleire skuleeksamenar grunna den kunstige intelligensen.

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Administrasjonen ved Universitetet i Oslo er i gang med å sjå på korleis universitetet kan ta omsyn til ChatGPT. Ei mogleg løysing er å få på plass fleire skuleeksamenar.

Det skriv Uniforum.

– Dei noverande reglane er klare, men vi ser at ChatGPT kan medføre nokre uklarleikar om til dømes bruk under heimeeksamen, seier viserektor for utdanning Bjørn Stensaker til universitetsavisa.

Gruppa som ser på dette, er sett saman av representantar frå studieavdelinga og juristar. Planen er at dei snart skal komme med forslag til nye retningslinjer.

Fordi fleire fagmiljø ønskjer skuleeksamenar i år, er også administrasjonen i gang med å sjå på korleis eksamenslokala kan brukast meir effektivt. På lengre sikt vil administrasjonen jobbe med å sjå på mellom anna eksamensformer.

– Vi vil ganske sikkert sjå ei ganske rivande utvikling, og her må vi ha eit langsiktig kompetanseutviklingsarbeid gåande for å sjå kva betydning det har for både undervisning, eksamen og tilbakemeldingar, seier Stensaker.


Datamaskin med ChatGTP oppe på skjermen.

Forskarar ved Universitetet i Agder (UiA) har undersøkt kor godt samtaleroboten ChatGPT kan svare på eksamensspørsmål. I fire av ti tilfelle avslørte sensorane at teksten var skriven av ein robot. Foto: Emiliano Vittoriosi / Unsplash