«Me må snakke om eteforstyrringar!»

Ane Marita Rossevatn Uleberg
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Når ein kompis knekk foten så uttrykkjer du bekymring, men slit han med mat, seier du noko då?

Diverre tek alt for få den vonde samtalen. Dette må endrast!

Ein av ti

Eteforstyrringar er eit aukande problem i heile Noreg, men diverre snakkast eteforstyrringar for lite om i skulen, heimane, vennegjengar og i politikken.

Det verkar som folk er redde for å snakke om eteforstyrringar, og at ein nærast har fått berøringsangst for å ta det opp. Eteforstyrringar har nesten vorte eit forbode tema å snakke om, og folk er redd for å seie dei gale tinga eller gjere noko gale.

Folk må derimot tørre å ta dei tøffe samtalane, og ikkje minst stille dei vanskelege spørsmåla, for det kan gå betre enn ein trur.

Nyare tal frå ROS (Rådgivning om spiseforstyrrelser) viser at ein reknar med at så mange som ein av ti elevar i den vidaregåande skulen har ei eteforstyrring.

I tillegg viser tal frå Folkehelseinstituttet at ein like stor del av Noreg sine innbyggjarar har ei form for eteproblematikk. Dette er alarmerande tal, og viser eit stort behov for at eteforstyrringar og eteproblematikk må lyftast tydeleg fram i den offentlege debatten.

Openheit for å hjelpe

Eg meiner derimot ikkje at openheit rundt eteforstyrringar vil hjelpe på talet på personar med eteforstyrringar i Noreg, men at openheit er viktig for å hjelpe dei som allereie er sjuke.

Dei får sjå at dei ikkje står aleine, og at folk rundt vil hjelpe dei å få det best mogleg. Det å verte sett er viktig for alle menneske, men kanskje spesielt viktig når ein er sjuk. Når ein person kjenner seg sett vil det vere lettare å opne seg opp om problema rundt mat, kropp og trening. Ein vil og vise at ein kan vere ein trygg person å snakke opent og ærleg om problema med.

Så ta den tøffe samtalen med nokon du er bekymra for, tørr å still dei vanskelege og ubehagelege spørsmåla, og ikkje minst våg å snakke opent og offentleg om eteforstyrringar.

Di openheit rundt eteforstyrringar, og ditt initiativ til samtale har tyding.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Nmf-leiar Erlend Sæther. Foto: Norsk medisinstudentforening