Fryktar nynorskelevar ikkje får appar på eiga målform
Nynorsk kultursentrum og Noregs Mållag ber Stortinget sikra retten til digitale læremiddel i den nye opplæringslova.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Over 73 000 nynorskelevar må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding frå Noregs Mållag.
I dag la regjeringa fram sitt forslag til ny opplæringslov, som etter planen skal tre i kraft i 2024.
– Utan endringar i Stortinget vil den nye opplæringslova føre til ei større digital læremiddelkrise for nynorskelevane, åtvarar mållagsleiaren.
Språkdeling i ungdomsskulen
Nynorskrørsla jublar over at nynorskelevar skal ha rett på språkdelte klassar òg i ungdomsskulen. I dag har elevar i barneskulen rett på eigen nynorsk- eller bokmålsklasse dersom ti eller fleire elevar har det som hovudmål.
Men både Noregs Mållag og Nynorsk Kultursentrum er skuffa over at det ikkje er eit absolutt krav til digitale læremiddel på nynorsk.
I framlegget gjeld kravet om læremiddel på nynorsk og bokmål til same tid og same pris læremiddel som er i bruk jamleg og dekkjer vesentlege delar av læreplanen.
Kunstig skilje
Leiaren i Noregs Mållag meiner departementet lagar eit kunstig skilje mellom læremiddel og læringsressursar. Han fryktar at produsentane ikkje vil laga nynorskversjon om det ikkje vert eit tydeleg lovkrav.
– Det hjelper lite med eit nynorskkrav til berre nokre få, store læremiddel når kravet ikkje treffer alle dei digitale læringsressursane, appane, plattformene og verktøya som faktisk finst på marknaden og blir brukte i skulen.
Speglar ikkje stoda
Også Nynorsk kultursentrum meiner lovforslaget ikkje er sterkt nok når det kjem til digitale læremiddel.
– I praksis får nynorskelevane ikkje rett til appar og andre læringsressursar på eige skriftspråk. Lovverket speglar ikkje at skulane no nyttar mange ulike digitale ressursar, læremiddel og verktøy i opplæringa, seier direktør i Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark, i ei pressemelding.
Nynorskelevane får sjå språket sitt mindre og mindre
Leiaren i Norsk Målungdom, Tobias Christensen Eikeland, slengjer seg på kritikken om at definisjonen på læremiddel femnar om for lite.
– Det er ikkje nok med berre dei få og store læremidla. Opplæringslova må få med digitale læringsressursar, appar, plattformer og verktøy som faktisk blir brukt i skulen. Når skulen blir meir og meir digitalisert, gjer i praksis forslaget at nynorskelevane får sjå språket sitt mindre og mindre, seier han i ei pressemelding.
Eikeland synest likevel det er positivt med eit absolutt krav om at skriveprogram i skulen skal stø nynorsk fullt ut.
– Dette har me jobba for lenge, og gjer at store selskap som Google ikkje lenger kan sova i timen.
Saka er oppdatert med kommentarar frå Norsk Målungdom.