Leo Stub Køber ser med bekymring på Noregs posisjon i Europa.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Vi er ein organisasjon som brenn for å auke europeisk samarbeid i alle former, så først og fremst ønsker vi sjølvsagt eit fullverdig norsk EU-medlemskap for Noreg. Faktisk så er Europeisk Ungdom eldre enn den europeiske unionen, så vårt arbeid for auka samarbeid på kontinentet har historisk tatt ulike former.

Det skriv den nyvalde leiaren for Europeisk Ungdom i ein e-post til Framtida.no. Leo Stub Køber (19) ser med bekymring på Noregs posisjon i Europa når norske, europeiske og amerikanske politikarar seier at Europa må satse meir på eige forsvar, samstundes som president Donald Trump sår tvil om Natos kollektive forsvarspakt.

Leo Stub Køber

Alder: 19

Personleg pronomen: Han

Frå: Oslo

Yrke/utdanning: Foreløpig 30 studiepoeng i idéhistorie

Favorittfag på skulen: Norsk

Ulike verv: Leiar i Europeisk Ungdom

Medlem i: Europeisk Ungdom

 

– Jonas Gahr Støre snakkar om viktigheita av eige europeisk forsvar. Problemet for oss er at Noreg tenker oss auka forsvarsbudsjett innanfor Nato, medan EU-landa ser for seg auka forsvarssamarbeid innanfor EU.

Rein energi-pakken

Handelspolitikk, risikoen ved å stå utanfor EU når Nato vaklar under press frå Trump og Noregs demokratiske underskot er dei viktigaste sakene for Europeisk Ungdom-leiaren framover.

19-åringen frå Oslo er stolt over politikken som blei vedteken på landsmøtet til Europeisk Ungdom. Dei går inn for at alle rettsaktene og direktiva frå Rein energi-pakken til EU bør innlemmast i sin heilskap.

– Det var denne pakken som fekk Senterpartiet til å forlate regjeringa, men vi meiner dette er kritisk politikk for Noreg å vedta. Mykje er norsk lov allereie. Det Rein energi-pakken går ut på er å sikre billig og rein straum til heile den europeiske straummarknaden, blant anna ved å hindre straumsløsing. Dei partia som no seier nei til denne pakken påstår altså at dei er for billig straum, men seier nei til alle løysingar på problemet om ein så slenger det i ansiktet på dei. Då må eg innrømme at eg blir irritert.

Køber håpar at Noreg, med alt som skjer rundt oss i verda no, ser behovet for å diskutere forholdet til Europa igjen. Eit endeleg EU-medlemskap er den neste kampen for ungdomsorganisasjonen.

– I aust sit Putin og Xi Jinping, i vest sit president Trump, og alle tre ser på våre tradisjonelle verdiar i Europa med forakt. Dette er tre oligarkar som først og fremst likar prinsippet om den sterkastes rett, fordi då trur dei at deira land kan mobbe naboland inn som satellittstatar. Då må vi i Europa vise at sjølv om til dømes Russland er større enn alle enkeltland i Europa, så blir kontinentet vårt sterkare når demokratia våre står saman.

Han meiner eit sterkt og fritt Europa hadde blitt sterkare og friare med Noreg på innsida av EU.

Brenn for demokratiet

Hjartesaka til Køber er demokrati. Han meiner at avgjerder som gjeld oss, ikkje skal bli tekne over hovudet på oss.

– Sjølv i den mest demokratiske delen av kloden er det mange problem med demokrati i Europa. Demokrati kjennest ekstra viktig no med ein amerikansk administrasjon som manglar eit kvart demokratisk fiber i kroppen.

19-åringen trekker vidare fram Belarus, Russland og Tyrkia som døme på at demokratiet langt ifrå er fullstendig, sjølv i Europa.

– Russland og Belarus er regime som vi både burde vakte oss mot og utfordre i kvar arena vi får ei moglegheit til det. Å engasjere oss for demokrati utanfor våre eigne grenser er det minste vi kan gjere for befolkninga i slike undertrykkande regime.

Det som gjorde at han valde å engasjere seg, var kjensla av at Noreg som eit land å sjå opp til når det gjeld demokrati, har knebla seg sjølv gjennom at vi ikkje deltar i Europas demokratiske prosessar.

– I siste måling såg vi at det var mange fleire unge som svarte ja enn nei til eit norsk EU-medlemskap, så den optimismen om at viss vi berre jobbar hardt nok, skal klare å snu Noregs utanforskap til medlemskap. Nettopp moglegheita for at norsk ungdom kan ta vår stemme tilbake er det som driv meg kvar gong eg jobbar med Europeisk Ungdom.

Kjærleiken og vennar for livet

Leo Stub Køber håpar å bruke mesteparten av tida si som leiar på å få enda fleire medlemmar enn det dei har i dag. Då han først var med på eit arrangement med Europeisk Ungdom, var førebileta hans dei som sørga for at medlemmane kvar dag hadde nye arrangement å sjå fram til. No merkar han at førebileta er alle dei ferske medlemmane som melder seg inn og kjempar for det dei trur på.

– Ein møter også vennar for livet, kanskje ein kjærast, til og med. Eg kjenner fleire som fann kjærleiken i Europeisk Ungdom. Å hugse på alt Europeisk Ungdom gir oss som brukar mykje av ungdomstida vår her, er spesielt viktig for meg no.

– Eg må nok seie hund, familien min har ein søt golden retriever. Av alle i familien var eg den mest skeptiske då vi fekk han, men han er jo søt da, svarar Leo Stub Køber på dilemmaet.

«Fred på Ukrainas premissar»

Om leiaren av Europeisk Ungdom vakna opp til draumeoverskrifta si, hadde «Fred på Ukrainas premissar» vore overskrifta han hadde gleda meg mest over i dagens situasjon.

– Å vise omverda at det regelstyrte samfunnet alltid må vere det gjeldande er viktig for meg.

Han hadde òg feira overskrifter som «Dato for neste folkeavstemming sett» eller «Europeisk Ungdom med medlemsrekord».

– Kva er idealsamfunnet og korleis skal vi nå det?

– Eg er skeptisk til utopiar, spesielt med historia den tankegangen har i Europa, men det samfunnet eg ønsker meg er eit der alle som blir påverka av ei avgjerd, er med på å bestemme kva avgjerda skal vere. Rett og slett meir demokrati. I dag kan eit land bestemme noko som negativt påverkar eit naboland, eller si eiga befolkning, utan at motstemmene blir høyrde eller tel.

Til sjuande og sist håpar han alle ønsker fred mellom alle folk, men freden kan ikkje skje på kostnad av nokons fridom.

– Det er okkupasjon, ikkje fred. Om alles stemmer tel like mykje så kan ikkje avgjerder takast på kostnad av nokons rettar. Dette er også grunnen til at eg meiner Noregs plass alltid burde vere i rommet der avgjerder blir tekne, ikkje på gangen utanfor.

Studentmiddag med Øverland

Om Køber kunne invitert ein valfri person på middag, hadde han hatt lyst til å snakke med Arnulf Øverland. Han meiner diktet hans «Du må ikke sove» frå 1936 er høgaktuelt for oss i dag.

Arnulf Øverland. Foto: Nasjonalbiblioteket – Flickr, CC BY 2.0, Wikimedia Commons

– Øverland sat blant anna fanga i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen frå 1942. Å høyre med ein som merka krigens alvor på kroppen og så engasjerte seg for fred i Europa og verda er eit perspektiv eg trur er viktig for å setje notida i ein historisk samanheng.

– Dessverre trur eg Øverland hadde måtta nøye seg med ein middag på eit studentbudsjett, kanskje omnsstekt laks med pesto? Det er billig og godt!

Nettaviser og ei god bok

– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?

– Utan tvil å sjekke tilfeldige nettsider sporadisk i løpet av ein dag. Eg får heller ikkje mykje ut av det. Om eg skulle sjekka nyheiter ordentleg burde eg setje av god tid midt i lunsjen eller noko sånt. Men, det er sånn eg held meg oppdatert, ved å setje av fem minutt kvar time på å sjå framsida til ulike nettaviser. Om eg endar opp med å lese ein artikkel brukar eg meir tid på det.

I tillegg prøver han å få med seg Dagsrevyen og Politisk kvarter kvar dag, sjølv om han innrømmer at det av og til går i gløymeboka.

For Køber går dagane for det meste til å jobbe med Europeisk Ungdom og å studere.

– Eg likar å både spele og høyre på musikk for å slappe av og roe ned. Ei god bok kan også vere eit fantastisk avbrekk.

Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lesa?

– Det er ikkje ei bok, men eg vil alltid anbefale å lese Arnulf Øverlands essay Om å forandre mening frå 1963. Essayet skildrar mykje av den politiske utviklinga i hans tid, og korleis han utfordra standpunkta sine gjennom livet for å vere sikrare i si sak eller kome fram til eit nytt standpunkt. Eg likar spesielt skildringa av det politiske alvoret rundt andre verdskrig og korleis han skulle ønske at samfunnet såg ut.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Eg hadde vore uærleg om eg gav eit serietips, fordi venane mine kjeftar alltid på meg for at eg aldri ser på seriane dei anbefaler meg.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– For å kome i godt humør trur eg «Crescendo i gågata» av Lillebjørn Nilsen er mitt beste tips, spesielt om ein treng oppmuntring medan ein ventar på at snøen skal smelte og sola titte fram etter vinteren.