Stortingskantina feira kvenfolkets dag med sørsamisk

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag var det kvenfolkets dag. I stortingskantina markerte dei dagen med å servere kvensk kake.

Det var berre eitt problem: gratulasjonen var skriven på sørsamisk. 

På plakaten med det kvenske flagget stod «Læhkoe biejjine!», ikkje «Onnea kväänikansan päiväle!».

– Eg tenkte rett og slett at dette var pussig. Sjølv på Stortinget så har ein eit godt forbetringspotensial når det kjem til både urfolk og minoritetar.

Det seier Raudt-politikar Geir Sørensen til VG, som først omtalte saka. Han presiserer at han ikkje er interessert i å lage krenkorama, men at han tykkjer det heile er flautt.

Pressevakta ved Stortinget forklarar til VG at dei fort vart merksame på feilen, og at neste år vert det gratulasjon på kvensk.


Les også: Kristine (24) flytta til Tromsø for å studere kvensk i 2021 – studiet har framleis ikkje starta

Kristine Jonas peikar på barn som lærer kvensk i skulen må ha vaksne å prate kvensk med elles i samfunnet, viss ikkje vert det vanskeleg å halde på språket. Foto: Arne Hauge