Vekas viktigaste: Skattemelding, finansuro og historisk Oscar

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Uroleg finansmarknad etter Silicon Valley Bank kollapsa

Logoen til Silicon Valley Bank.

Logoen til Silicon Valley Bank. Foto: Mariia Shalabaieva via Unsplash

Den amerikanske banken Silicon Valley Bank vart stengt i førre veke. Det skjedde etter kundar mista tillit til at banken kunne betale ut alle investeringane deira, og fleire forsøkte å ta ut pengar. Sidan banken ikkje hadde alle pengane tilgjengeleg, førte det til ein bankkollaps. Dette er den største bankkollapsen i USA sidan finanskrisa i 2008.

Som ei følgje av denne bankkollapsen, har folk blitt bekymra for at dette kan skje med fleire bankar. Styresmaktene i USA har gått inn med midlar for at dei fleste kundar skal få tilgang til pengane sine. Målet med slike tiltak er å sørgje for at tilliten folk har til banksystemet held fram, og at folk ikkje får panikk og trekker ut investeringane sine.

Uroa har likevel spreidd seg frå den amerikanske marknaden til andre land. Den internasjonale aksjemarknaden har falt fleire stader i verda, trass i at han fram til no har vore prega av aukande prisar og inflasjon.


Stortinget vil seie ja til å lagre det folk gjer på internett

Justisminister Emilie Enger Mehl. Foto: Rune Kongsro/Justis- og beredskapsdepartementet

Denne veka vart innstillinga til eit nytt lovforslag lagt fram i Stortinget. Lovforslaget går blant anna ut på at Politiets Tryggingsteneste (PST) kan lagre ytringar som ligg opent ute på internett. Det kan vere alt frå nettartiklar, sosiale medium og kommentarfelt. Informasjonen politiet hentar inn, kan dei lagre i opp til 5 år.

Datatilsynet, Advokatforeningen, Norges institusjon for menneskerettigheter og Tekna var alle kritiske til forslaget då det var ute på høyring.

På Stortinget er både Frp, Venstre og SV mot lovforslaget, og Per-Willy Amundsen (Frp), leiar i justiskomiteen på Stortinget, har sagt til Bergens Tidende at det vil avvikle retten til privatliv.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) har sagt at politiet treng utvida moglegheiter på grunn av nye typar truslar, og er noko av grunnen til at regjeringa fremjar lovforslaget.

Høgre er dei som originalt hadde forslaget på høyring, før regjeringa vart bytta ut, og dei er for å gi PST utvida handlingsrom. Lovforslaget blir truleg vedteke neste veke.


Sør-Koreas president besøker Japan

To personar på toppen av ei trapp til eit fly.

President Yoon Suk-yeol og førstedame Kim Keon Hee vinkar farvel før dei dreg til Japan. Foto: Jeon Jan/Republick of Korea via Flickr

President Yoon Suk-yeol kom til Tokyo torsdag 14. mars for å møte med den japanske statsministeren Fumio Kishida. Det er fyrste gong på 12 år at statsleiaren i Sør-Korea besøker Japan. Sør-Korea og Japan har historisk hatt eit spent forhold, delvis på grunn av Japan sin okkupasjon av Korea under 2. verdskrig.

Det er framleis spørsmål om japanske selskap skal betale erstatning for å ha brukt koreansk tvangsarbeid under krigen. Japan meiner det allereie er oppklart, og president Yoon har opna for å lempe på krava som har blitt stilt tidlegare for å kome vidare.

Besøket blir sett på som eit steg mot å samarbeide meir. Yoon og Kishida vil mellom anna stå saman i spørsmål rundt Nord-Korea, som i det siste har hatt fleire rakettestar. Den siste missiltesten til Nord Korea var natt til torsdag 16. mars.


Amerikansk drone kolliderte med russisk jagarfly over Svartehavet

Bilete av eit jagerfly.

Bilete frå Pentagon, teken frå dronen som krasja i Svartehavet i midten av mars 2023. Foto: US Department of Defense via AP

Tysdag 14. mars krasja ein amerikansk drone. Dronen skal ifølgje amerikanske styresmakter ha vore på eit rutinemessig oppdrag då han vart avskoren av russiske jagarfly. Dei seier to jagarfly kom svært nærme dronen, og det eine flyet trefte den eine propellen til dronen.

Russiske styresmakter seier at dronen var på veg til Krymhalvøya, som dei reknar som russisk territorium. Dei seier at dronen ikkje vart treft av eit russisk fly, men krasja fordi han mista kontroll etter ein brå manøver i lufta.

Ifølgje Lars Peder Haga frå Luftkrigsskolen var dette truleg eit uhell som ikkje vil føre til militær eskalering. Han meiner hendinga merkar seg ut som eit resultat av uprofesjonell flygning frå Russland som gjorde situasjonen svært utrygg.


Skattemeldinga blir sendt ut

Ei hand som held ein mobil som er inne på skatteetaten sine sider.

Skattemeldinga blir sendt ut i mars. Foto: Åshild Slåen

Skatteetaten byrja 14. mars å sende ut skattemeldinga for i år. Dette er den informasjonen Skatteetaten brukar for å bestemme om du har betalt nok i skatt.

Du har ansvar for å dobbeltsjekke at informasjonen er rett og endre meldinga dersom det er noko som ikkje stemmer.

Du skal få skattemeldinga innan utgangen av mars, og skal sende inn att skattemeldinga innan 30. april.


Vekas lyspunkt: Historisk prisdryss på Oscar-utdelinga

Everything Everywhere All at Once fekk eit prisdryss på den 95. Oscar-utdelinga. Foto: Another World Entertainment.

Filmen Everything, Everywhere All at once fekk fleire prisar på Oscar-utdelinga. Totalt fekk filmen 11 nominasjonar og 7 prisar.

Michelle Yeoh er den fyrste personen med asiatisk opphav som har vunne Oscar for å spele hovudrolle i ein film. Filmen blir rekna som eit historisk gjennombrot for asiatisk representasjon i Hollywood-filmar.