Undersøking: Kvar fjerde nordmann har bede om økonomisk hjelp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til saman har kvar fjerde nordmann bede om hjelp frå familie, venner og/eller verksemder. Flest er det som kontaktar venner og familie, viser ei undersøking Ipsos har gjort for Frelsesarmeen.

I 2023 seier 20 prosent at dei har bede venner og familie om økonomisk hjelp dei seinaste seks månadene. Då same spørsmål vart stilt av Frelsesarmeen i 2020, svarte berre 9 prosent det same. Frelsesarmeen har merka stor pågang på sine tenester.

– Vi ser at nesten like mange som har bede om hjelp, seier dei ganske eller svært sannsynleg vil trenge den same hjelpa det neste halve året. Mange ser ikkje lyst på framtida, men vi prøver så godt vi kan å hjelpe til med grunnleggjande behov, seier Geir Smith-Solevåg, kommunikasjonssjef i Frelsesarmeen.

Har du bede om pengehjelp dei siste seks månadane?

Har du bede om pengehjelp dei siste seks månadane?

Ja, fleire gongar.0
Ja, ein gong.1
Nei, det gjekk så vidt.0
Nei, har ikkje hatt behov for det.18
Eg har ingen å be om hjelp.2
Eg vil berre sjå resultatet av pollen.7
Svar totalt: 28

 

På spørsmål om folk vil be om hjelp neste halve året, svarer 17 prosent ja, medan mange er usikre.

Heile 42 prosent i aldersgruppa 18 til 29 år seier at dei har bede familie og venner om økonomisk støtte dei siste seks månadene.

Undersøkinga er gjort blant eit representativt utval av den norske befolkninga, og 1.106 personar over 18 år har svart.


DNB Ung-ambassadør Connie Lunde gjev deg sine beste sparetips. Foto: Colourbox, Stig B. Fiksdal. Kollasj: Framtida.no