Statens vegvesen tilbyr gratis kontroll av russebilar og russebussar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statens vegvesen rår russen til å ta kontakt med dei før det blir sett i gang større ombyggingsprosjekt av russebilar og russebussar, skriv Vegvesenet i ei pressemelding. Dei tilbyr gratis rettleiing slik at ombyggingane blir lovlege og trafikksikre.

– Vi er opptekne av at russen skal ha ei sikker russetid, også på vegen. Vi vil derfor kontrollere flest mogleg køyretøy for å sikre at dei er i god stand, seier sjefingeniør Tormod Normark Schau i Statens vegvesen.

Her får du tips til trafikksikker rulling: 

Hugs reglane

Det kan vere vanskeleg å setje seg inn i regelverket når det gjeld ombygging av bussar til russebussar.

– Vi kan også gi tips og råd om montering og bruk av aggregat, sete, brannsløkkingsapparat og anna utstyr til køyretøyet, seier Schau.

I tillegg til å sørgje for at bilen eller bussen er i god stand, er det også viktig å ha ein sjåfør med dei rette kvalifikasjonane.

Særleg på bussane er russen avhengig av innleigd hjelp. Sjåføren må følgje reglane for køyre- og kviletid og passe på passasjertalet i bussen.


Les også: Raud, blå, grøn og svart – dette betyr russefargane

Prinsesse Märtha Louise og venninnene var raudruss i 1990. Foto: Tor Richardsen / NTB