Raud, blå, grøn og svart – dette betyr russefargane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fargen raud er ein fin farge. For meg betyr det vår. Det er ein farge eg tenkjer på når eg tenkjer på russ og flagget vårt.

Tiril Sunda (19) feirar at ho er ferdig med tre år på studiespesialiserande på Stord vidaregåande. På skulen er flesteparten raudruss, men det er òg nokre blåruss.

– På Stord vidaregåande er flesteparten raudruss, seier Tiril Sundal (19) frå Tysnes. Foto: Svein Olav B. Langåker

Dette betyr dei ulike russefargane:

Raudruss – studiekompetanse

Raudruss er klassikaren, som viser at ein har fått generell studiekompetanse.

Det kan anten vere gjennom studiespesialisering, idrettslinja, musikklinja eller medier- og kommunikasjon.

I tillegg kan ein bli raudruss ved å ta allmenn påbygg etter å ha teke yrkesfag, som òg gjev studiekompetanse.

Tidlegare hadde ein fleire ulike russefargar etter linjer. Gul var yrkesfag, lilla var formgjeving, kvit var idrett og oransje var for avgangselevar i ungdomsskulen.

På Tromsdalen vidaregåande skule i Tromsø har dei ein særeigen kvitrusstradisjon.

Blåruss – økonomi

Tradisjonelt har blåruss vore fargen til dei som tek fordjupning i økonomi medan dei går på studiespesialiserande. No er det likevel vorte vanleg at ein vel sjølv om ein er raud eller blåruss.

17. mai i Oslo 1989. Blåruss kyssar ein politimann for å få nok eit trofé i luedusken.
Foto: Jørn H. Moen / NTB / NTB

Grønruss – landbrukslinja

Denne russefargen er framleis å få kjøpt og vert vanlegvis brukt av elevar som har teke agronomutdanning på vidaregåande. Tidlegare har fargen òg vorte brukt av elevar som er ferdig på ungdomsskulen.

Helene Ouff fyller drivstoff på russebilen. Frå venstre: Helene Ouff kjem frå ammekugard på Hurum), Kristin Nordbø Engvik kjem frå mjølkebruk på Averøya, Helene Bossum kjem frå Onsøy/Fredrikstad og er , avløysar i grisefjøs og Susanne Røed Gromstad frå Nykirke/Vestfold er avløysar i grisefjøs. Solveig Therese Stenseth frå Moss var ikkje tilstades då biletet vart teke. Foto: Privat

Svartruss – yrkesfag

Svartruss er for elevar som går yrkesfaglege linjer, men er ikkje like utbreidd som raud- og blåruss.

Rosaruss – barnehagebarn

Russens fremste fans har òg si eiga russetid. Rosaruss markerer overgangen frå barnehage til skule. Denne russetida er ikkje særleg utbreidd, men det er sjølvsagt klede å få kjøpt.

Rosaruss frå Sør-Odal Barnehage såg vaktskiftet ved Slottet i Oslo i 2009.
Foto: Berit Roald / NTB


Vesle Mette Ørnelund feirar nasjonaldagen i 1947. Foto: Leif Ørnelund/Digitalt Museum/CC BY SA 4.0