Arkeologane fann også restane av ein heilagdom i eit gammalt tempel.

Funna vart gjorde i Dendera tempelkompleks i Qena-provinsen.
Statuen har smilande trekk, og arkeologane trur derfor at han kan ha tilhøyrt den romeske keisaren Claudius.
Han utvida Romas styre til Nord-Afrika mellom år 41 og 54 etter Kristus.
Arkeologane skal gjere fleire undersøkingar på steinplata for å finne meir informasjon om kvar statuen kjem frå.
Han er mykje mindre enn den kjende 20 meter høge sfinksen som ligg i pyramidekomplekset ved Giza, opplyser departementet vidare.

LES OGSÅ:
Det har vore ei god periode for arkeologar i Egypt. Førre veke oppdaga dei ein hemmeleg korridor i Kheopspyramiden i Giza, og i januar fann arkeologar ein 4000 år gamal mumie i ein sarkofag i Saqqara.
