Ekspert om USA og Grønland: – Minner om tida før annekteringa av Krim

Grønlandske politikarar står samla mot presset frå USA og nektar å møta den amerikanske delegasjonen. Fungerande landsstyreformann kallar presset aggressivt.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Søndag vart det kjent at kona til den amerikanske visepresidenten J.D. Vance og den eine sonen deira skal på eit tre dagar langt besøk til Grønland torsdag denne veka.

Ifølgje Det kvite huset skal dei vitja øya for å sjå det tradisjonsrike hundesledeløpet og læra meir om grønlandsk kultur, skriv CNN.

USAs nasjonale tryggingsrådgjevar Mike Waltz og energiminister Chris Wright er òg venta å vitja Grønland, som er ein del av det danske kongeriket, men har høg grad av sjølvstyre.

Den grønlandske avisa Sermitsiaq melder om at amerikanske Hercules-fly landa på Grønland søndag, lasta med fire skotsikre bilar.

Fungerande landsstyreformann og leiar for Inuit Ataqatigiit (IA) Múte Bourup Egede. Foto: EU

Nektar å møta delegasjonen

Grønland har framleis ikkje fått på plass ei ny regjering, etter at Demokratane (Demokraatit) vann valet 11. mars.

Fungerande landsstyreformann og leiar for Inuit Ataqatigiit (IA) Múte Bourup Egede har gjort det klart at det ikkje er aktuelt å møta amerikanarane før ei ny regjering er på plass.

På si eiga Facebook-side skriv han at Grønland er blitt behandla uakseptabelt, som ikkje er verdig blant tette vener og «allierte».

– Vår integritet og demokrati skal respekterast utan ei kvar forstyrring utanfrå, skriv han.
Han får støtte av leiar for Demokratane og valvinnar Jens-Frederik Nielsen, som understrekar at dei grønlandske står samla mot presset frå USA.

– Aggressivt press

– Det veldig aggressive amerikanske presset mot det grønlandske samfunn er no så alvorleg at nivået ikkje kan bli høgare, seier Egede til avisa Sermitsiaq.

Egede understrekar på Facebook at dei skal samarbeida med andre land, men at dette skal følgja internasjonale avtalar.

Han rår grønlendarane til å ikkje få panikk, men stå fast på sitt.

– Me skal bruka det som ein styrke, at me står saman og seier ifrå om uakseptabel behandling. For det er me som bestemmer vår eiga framtid.

Demonstrerte mot USA

USAs president Donald Trump har ved fleire høve uttrykt ynskje om å ta over Grønland, og har ikkje utelukka bruk av militær makt.

Han har òg uttrykt at han trur grønlendarane vil stilla seg positive til å bli ein del av USA. I ei spørjeundersøking som vart gjort i januar svara 85 prosent av grønlendarane at dei ikkje ville verta ein del av USA, medan 6 prosent svara ja.

Kort tid etter valet samla grønlendarar seg til ein stor demonstrasjon utanfor det amerikanske konsulatet i hovudstaden Nuuk.

Ber det internasjonale samfunnet reagera

I avisa Sermitsiaq oppmodar Egede no det internasjonale samfunnet til å koma på banen.

– Me har prøvd alle diplomatiske og demokratiske moglegheiter, men det heile prellar av på Donald Trump og hans administration i deira prosjekt om å ta eigarskap og kontroll over Grønland. Me må difor sjå alvoret i augo og erkjenna at kvart einaste minutt tel for at amerikanarane sin draum om å annektera vårt land ikkje blir ein realitet, seier han til avisa.

Han får støtte frå lektor ved Forsvarsakademiet, Claus Mathiesen, som samanliknar framferda til USA overfor Grønland med Russland si framferd overfor Ukraina før annekteringa av Krim i 2014.

– Det som skjer no på Grønland minner om tida før annekteringa av Krim. Amerikanske politikarar vil koma i ein jamn straum og agitera for at Grønland skal vera amerikansk. Lova at alt blir mykje betre, spår Mathiesen på X.