Verdas befolkningsvekst – den (u)synlege elefanten i rommet

Espen Oseid Danielsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Når vi talar om klimagassutslepp, klimatisk fotavtrykk per person, klimarettferd og jordklodens bereevne, er det ein elefant i rommet til ei kvar tid.

Elefanten symboliserer den vanvitige befolkningsveksten som verda har opplevd, særleg i løpet av dei siste 40 åra. I fjor passerte vi svimlande 8 milliardar homo sapiens på jordklodens overflate. Til samanlikning utgjorde vi snaue 3 milliardar i 1960 og 4 milliardar i 1974.

Dette betyr, alarmerande nok, at vi nærmast har dobla talet på menneske på jorda i løpet av berre dei siste 40 åra. Det er relevant å spørje om jordas bereevne toler avtrykka våre, og det er riktig å konstatere at vi overgår klodens bereevne.

Må tilpasse oss denne nye verkelegheita

Det er fleire grunnar til at verdas befolkning har opplevd ein slik vekst. Fleire av dei blir ønska velkomen med opne armar. Blant årsakene er mindre barnedødelegheit i verdas mest fattigaste land og at fleire millionar menneske har blitt løfta opp frå ekstrem fattigdom. Vi i den rike delen av verda lever også lenger, noko som er med på å bidra til denne veksten.

Det er likevel eit presserande poeng at vi må tilpasse oss denne nye verkelegheita og utviklinga, ikkje valse rundt og operere som før. Det er nye føresetnader og omstende som no gjeld, og då er vi rett og slett nøydde til å innrette oss etter desse.

Per no veks verdas befolkningstal med ca. 80 millionar i året. Dette betyr at vi, kvart einaste år, tilføyer eit befolkningstal likt det som bur i Tyskland.

Paradoks

Paradokset med denne befolkningsveksten og reduksjon av klimagassutslepp, er at jo fleire menneske som lever på jorda, desto meir forbruk av alt: Mat skal produserast til alle i eit tilstrekkeleg og sikkert omfang, reint og uforureina vatn skal vere tilgjengeleg for alle, straumen skal vere føreseieleg og tilgjengeleg for alle, og det vil også vere meir forbruk av klede og andre materialistiske duppedittar ettersom det blir fleire menneske på jordkloden.

Forskinga og andre analysar viser til at befolkninga skal fortsetje å vekse i minst 25 år til. Vi skal med andre ord bli over 10 milliardar menneske, før pendelen kanskje byrjar å svinge i retning av færre menneske.

Samstundes som at vi blir stadig fleire menneske som gjer beslag og krav på jordas ressursar, har fleire milliardar eit ønske om, og rett til, ein levestandard som svarar til den norske. For å ha det klart: Viss alle skulle levd som oss i Noreg, ville vi trengt 3,6 jordklodar. Eg tør ikkje eingong tenke på kor mange jordklodar som trengst dersom alle 8 milliardane skulle ha levd som oss, med vårt vanvitige og uanstendige forbruk.

Eg spør: Korleis kan fleire milliardar få same levestandard som oss i eksempelvis Noreg, medan befolkningstalet veks til stadigheit og vi samstundes er nøydde til å kutte ekstremt i verdas klimagassutslepp?

Dette reknestykket legg ikkje til rette for optimisme, men det er sjølvsagt lov å håpe at vi som verdssamfunn meistrar denne utfordringa. Uansett er det naivt og ansvarsfråskrivande å ikkje problematisere situasjonen med talet på menneske som lever på jordas overflate.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Leiar i Changemaker Naja Amanda Lynge Møretrø. Foto: Changemaker