No kan du fjerna vindmøller i Minecraft
Universitetet i Agder lanserte nyleg ein Minecraft-versjon av vindkraftanlegga på Fosen. Elevar over heile Noreg kan fjerna vindmøller i spel-universet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.
Dersom spelarar fjernar vindmøllene får dei påskjøning i Minecraft-versjonen av Sametinget, skriv VG.
– Sjølv om Høgsterett har dømt at vindkraftkonsesjonen er ugyldig og anlegget på Fosen bryt med urfolk sine rettar, er det førebels ingen planar om å fjerna anlegget. I Minecraft-verda vår kan elevar no reisa til Fosen og ta saka i eigne hender, seier universitetslektor ved UiA, Line Reichelt Føreland, i ei fråsegn på UiA si nettside.
Les meir om Fosen-aksjonen her: Vil ikkje ha vindmøller i reinen sine beiteområde