Justisministeren vil innføra samtykkelov

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nye føresegna om valdtekt rammar seksuell omgang med «nokon som ikkje vil det, og som gir uttrykk for dette i ord eller handling», viss ho blir innført i den forma straffelovsrådet foreslår.

Rådet har gått gjennom heile kapittelet i straffelova om seksuallovbrot for å sjå om den tilstrekkeleg vernar om retten til å bestemme kven ein vil ha sex med.

– Det er tilstrekkeleg at den eine parten på ein forståeleg måte signaliserer at den seksuelle omgangen ikkje er ønskt. I nokre situasjonar vil sjølv små teikn, som at den eine parten stivnar til eller vender ryggen til, vere tilstrekkeleg, sa leiaren til rådet, Linda Gröning, då ho overrekte justisminister Emilie Enger Mehl rapporten med forslaga til endringar i kapittelet om seksuallovbrot.

– I dag føreset domfelling for valdtekt at den tiltalte har brukt vald eller truande åtferd, eller at den fornærma er ute avstand til å motsetje seg handlinga, poengterte Gröning.

Vil ha samtykkelov

Mehl gjentok i dei korte kommentarane sine at regjeringa kjem til å foreslå ei samtykkelov – slik det vart varsla allereie i Hurdalsplattforma – men konkretiserte ikkje om ei slik lov skal stille krav til uttrykt samtykke. Forslaget frå straffelovsrådet skal sendast på høyring.

Gröning meiner likevel at rådet forslag innhaldsmessig i stor grad samsvarer med føresegnene om valdtekt i Danmark, Sverige og Finland. Der blir valdtekt definert som å ha seksuell omgang med nokon som ikkje har samtykka til det eller som ikkje deltek frivillig.

– Vi kjem til å leggje fram eit forslag om endring av straffebodet om valdtekt, med sikte på å få ei samtykkelov i Noreg, understreka Mehl etter å ha fått rapporten.

Lovforslaget kan også innehalde fleire endringar i seksuallovbrotskapittelet.

Lågare lågalder

Straffelovsrådet foreslår mellom anna å avkriminalisere kjøp av seksuelle tenester mellom vaksne, såframt dei seksuelle handlingane ikkje er seksuelle krenkingar, slik dei blir definerte i lovverket.

Rådet har dessutan vurdert at barn byrjar den seksuelle sjølvråderetten sin frå dei er 15 år, og ikkje 16 år som i dag, og foreslår derfor at den seksuelle lågalderen blir senka til 15 år. Gröning understrekar at barn heilt opp til 18 år skal ha eit sterkare vern mot seksuell utnytting.

I tillegg skal straffansvar for seksuell omgang med barn under 15 år også omfatte den som får barnet til å ha seksuell omgang med ein annan.

– Eg registrere at det er fleire punkt som kan vere kontroversielle og kan skape debatt. Det er viktig at vi har eit lovverk som treffer etter intensjonen, og at straffenivået speglar den store integritetskrenkinga seksuallovbrot er for dei fornærma, seier Mehl.