«Regjeringa påstår at dei vil få fleire i arbeid – i praksis hindrar dei unge»
Det er ikkje staten som skaper arbeidsplassar – det er næringslivet, skriv Theodor Vik Thorkildsen i kritikken sin mot Arbeidarpartiet sin arbeidspolitikk.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.
Historisk har Arbeidarpartiet kjempa kampen til arbeidarane – ein kamp for rettane til arbeidarane, ei utvikling i arbeidsmarknaden og å få folket ut i arbeid. I den samanhengen brukte AP i stortingsvalet 1933 ein plakat med motivet «Hele folket i arbeid». Dette motivet ser det ut til at AP har snudd på hovudet.
Eit meir passande motiv for stortingsvalet 2025 kunne vore «Hele folket uten arbeid», for det verkar som at er basisen for APs noverande politikk og det nye statsbudsjettet.
Regjeringa påstår at dei vil få fleire i arbeid, spesielt unge, men i praksis hindrar dei unge i å komme seg inn i arbeidslivet.
Vanskeleg for unge å få jobb
Eit tydeleg døme er lova som krev at ein må vere over 18 år for å selje alkohol og tobakk i butikk. Denne lova verkar kanskje ubetydeleg, men for unge under 18 år som vil ha ein deltidsjobb, kan han vere avgjerande.
Det dei andre partia slit med å forstå er at det ikkje er staten som tilset desse ungdommane, det er butikkane sjølv. Då bør det vere butikkane som vurderer kven dei vil ha i kassa, ikkje ei aldersgrense vedteke av staten.
Det er viktig at ungdom får høvet til å komme tidleg ut i arbeidslivet. I staden for å opne arbeidsmarknaden for ungdom, strammar dei det inn med byråkratiske reglar som verken næringslivet, ungdommen, eller nokre andre er tente med.
Regjering til hinder
Når vi ser på statsbudsjettet, er det ingen løysingar som adresserer desse problema. Regjeringa vel heller å halde fram med ein politikk som legg unødvendige hindringar for alle. Dei hindrar næringslivet i å skape arbeidsplassar med reguleringar og dårleg finanspolitikk. Samtidig hindrar dei ungdom i å få seg jobb. Vinn-vinn det, for AP.
Framstegspartiet derimot, meiner at unødvendige reguleringar som denne aldersgrensa på alkohol- og tobakkssal må fjernast. Andre reguleringar må skrotast, og finanspolitikken må fiksast.
For det er ikkje staten som skaper arbeidsplassar – det er næringslivet.
Regjeringa gjer det motsette av det dei sjølv seier. Dei hindrar unge i å få jobbar og næringslivet i å skape jobbar. Samtidig som Støre held talar om kor viktig det er å få folket ut i arbeid.
Vi i Framstegspartiet følgjer AP sitt gamle motiv, i motsetning til AP sjølv, for vi ønskjer faktisk heile folket ut i arbeid.