Forskarar vil byggja hus av blod på Mars

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka vart først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om dyr som har vore til inspirasjon for den moderne teknologien

Forskarar har nyleg kome med eit forslag om at framtidige hus på Mars kan byggjast av murstein.

Men mursteinen det er snakk om, er ikkje ein slik type mursten som me er kjent med. Dei vil nemleg laga han av astronautblod, sveitte, tårer og urin, ifølgje ein studie publisert i tidsskriftet Materials Today Bio. 

Det skriv Vice.

Foto: UNIVERSITY OF MANCHESTER

Sparar store kostnader

Aled D. Roberts og andre forskarar ved University of Manchester, har tatt tak i prosjektet for å sjekka korleis dei best kan bruka menneska som vil vera til stades på Mars, for å redusera dei store kostnadane av å reisa fram og tilbake til Jorda.

Forskarane meiner det blir viktig å utnytta ressursane som allereie finst på Mars, i motsetnad til å frakta forsyningar frå Jorda.

– Ei av kjeldene til desse ressursane, vil faktisk vera mannskapet sjølv, skriv forskarane.

Spesielt har forskarane sett på korleis menneskekroppen kan styrka murstein som blir bygd opp av sanden som finst på Mars. Dei laga testversjonar av sandblandinga, som har fått namnet «AstroCrete». Blandinga inneheld proteinet albumin, som finst i menneske sitt blod. Det inneheld også menneskeleg sveitte, tårer og urin.

500 kilo murstein på to år

Den nye forskinga ser for seg at Mars-astronautar kan produsera omtrent 500 kilo av mursteinane i løpet av ein toårsperiode.

Sjølv om det kan visa seg å vera farleg å donera blod ein plass det er så låg tyngdekraft som på Mars, er Roberts og kollegaene hans optimistiske. No vil dei også eksperimentera med andre menneskelege ressursar.

– Andre menneskelege ressursar på staden, som hår og negler, døde hudceller, slim og avføring kan også brukast, skriv dei.


Roveren Perseverance har lukkast i å bora hol og ta prøvar frå ein stein på Mars. Foto: NASA/JPL-Caltech