«Oppfølging før og etter abort må styrkast – ikkje svekkast»

Magnhild Johannessen Botten (24)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Abort er eit følsamt tema for mange. Mykje av debatten handlar om etter kor mange veker kvinner skal ha rett til sjølvbestemt abort. Uansett kva ein tenkjer kring dette, er ein ting sikkert: kvinner som tek abort treng oppfølging, både før og etter.

Å bestemme seg for å ta abort, og å gjennomføre det, er ein tung og vanskeleg prosess. For mange handlar det om når det er greitt å ta abort i høve til kor utvikla fosteret er blitt.

Mange gløymer at det for kvinna som tek abort har store konsekvensar, både psykisk og fysisk. Undersøkingar som er gjort, viser at kvinner som tek abort slit med etterverknadar. Skam, skuldkjensle og depresjon er nokre å nemne.

Skal avvikle seks av ti kontor

Stiftelsen Amathea er per i dag den einaste landsdekkande oppfølgingsordninga før og etter abort i Noreg. Tilbodet er gratis, og det er omtrent 2500 kvinner årleg som nyttar seg av tilbodet. I haustens statsbudsjett bestemte regjeringa å kutte støtta til stiftinga med 6,2 millionar kroner. Dette tyder at det vert kutt i tilsette og i sjølve tilbodet. Etter planen skal Amathea i løpet av 2023 avvikle seks av ti kontor i landet.

Ein ting er at det vil gå utover lokale samarbeid, men det vil òg kunne gjere at færre nyttar seg av tilbodet. Det er truleg ikkje det same å ha oppfølging før og etter abort via telefon, som det er å faktisk møte personen ein pratar med, og å verte støtta i ein tung prosess.

Raudt meiner difor at kvinner ved alle abortar skal få rett til rettleiing frå helsepersonell ved behov eller ynskje. Raudt meiner òg at kvinner skal få rett til medisinsk abort ved helsestasjon/lokalt legesenter med oppfølging frå primærhelseteneste. I tillegg meiner Raudt at kvinner skal få tilbod om tidleg ultralyd og ikkje-invasiv fosterdiagnostikk for dei som ynskjer det i veke 11–13.

Oppfølging før og etter abort må styrkast – ikkje svekkast! Det vil få store konsekvensar, ikkje berre for kvinna sjølv som skal ta abort, men òg for samfunnet dersom regjeringa svekkjer støtta til det einaste landsdekkande tilbodet som er gratis i Noreg.

Difor seier Raudt nei til alle innskrenkingar i kvinner sine rettar til sjølvbestemt abort og ja til å prioritere kvinnehelse i statsbudsjettet!


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Kollasj av Matt Gaetz og Olivia Julianna. Foto: Presse/gaetz.house.gov og Gen-Z for Change