Søkjarrekord for flygeleiaryrket: 1000 søkjarar til 20 plassar

Rekordstore søkartal til flygeleiarutdanninga gjer at det blir stilt strenge krav for å kome gjennom nålauget.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då søknadsfristen gjekk ut 15. februar var det om lag 1.000 søkjarar til flygeleiarutdanninga til Avinor. Av dei var det 20 som fekk studieplass.

Konsernsjef i Avinor, Abraham Foss er glad for at begge kjønn er godt representerte blant søkjarane til flygeleiarutdanninga. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK

– Det er gledeleg at så mange unge søkjer seg til Avinor, flygeleiaryrket og luftfarten. Eg trur noko av årsaka til det rekordhøge søkjartalet er ein kombinasjon av at ein får høve til å jobbe med både luftfart og ny teknologi i åra som kjem, seier konsernsjef Abraham Foss i Avinor i ei pressemelding.

– Vi er no inne i ein fase der teknologien for den neste generasjonen luftfart blir utvikla. Dette, kombinert med Avinor sitt viktige samfunnsoppdrag der vi koplar Noreg og verda saman, trur eg appellerer til dei nesten tusen søkjarane som siktar seg mot flygeleiarutdanninga, held han fram.

Blant søkarane var om lag 40 prosent kvinner.

– Det er gledeleg at begge kjønn er godt representerte i søkjarmassen. Her vil det vere mogleg å sikre ei mangfaldig rekruttering, seier konsernsjefen i pressemeldinga.


Flygeleiar Hanna Wenger Langseth likar utsikta på jobb i Bardufoss. Foto: Privat