Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 11.12.2023 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hadde inga spesiell interesse av fly eller bransjen frå før av, og det var litt tilfeldig at eg søkte på flygeleiarutdanninga. Som mange andre ante eg ikkje kva eg ville bli, og kom over søknadsrunden dagen før fristen gjekk ut, skriv Hanna Wenger Langseth, og legg til:

– Eg prøvde rett og slett berre, og fann ut at det var eit yrke om passa meg veldig bra.

Viktig å takla stress

24 år gamle Hanna Wenger Langseth frå Eidsvoll er nyleg ferdig med opplæring «on the job» i Bardufoss, der ho no jobbar som flygeleiar.

For å komme inn på den toårige utdanninga måtte ho gjennom ein seleksjon der kandidatane sine eigenskapar vert testa.

– Du må blant anna takla å jobba under stress, og å klara å handtera fleire ting samstundes. Det er vanskeleg å veta om ein har dei eigenskapane som trengst før ein har prøvd, så eg oppmodar alle som kunne tenkt seg å bli flygeleiar til å søka!

Simulatortrening i Praha

Etter å ha gått på skule i ni månadar i Praha i Tsjekkia var det klart for praksisperioden, som vert kalla «on the job training».

– Dette er ein praksisperiode som vanlegvis varar rundt eitt år, og vert gjennomført på ei av dei operative einingane i Noreg. Det blir ikkje utdanna fleire flygeleiarar enn det som trengst, så det er svært sannsynleg å få jobb etter enda utdanning.

Wenger Langseth visste ikkje heilt kva ho kunne venta seg før utdanninga starta, men fekk rett i forventninga om at det vart ei utdanning utanom det vanlege.

– Vi starta med nokre månadar med teori, før ein startar med simulator. Dette er det ein bruker mesteparten av tida på skulen på, og kor du lærer mest.

I simulatoren trener studentane på å takla mykje trafikk samstundes, og får slik testa kapasiteten sin.

– Utdanninga er veldig retta inn mot akkurat det du skal gjera i jobben, og eg tenkte aldri at noko av det vi lærte eller gjorde på skulen var bortkasta.

Stort temposkifte

Det ho likar best med jobben som flygeleiar er at ingen dag er lik.

– Vi har veldig hektiske periodar med mykje trafikk, og andre periodar som er mykje rolegare. På ein vanleg arbeidsdag sit ein nokre timar i operativ posisjon av gongen, med gode pausar mellom øktene.

24-åringen set òg pris på moglegheita til å ta på seg ekstra ansvar i jobben, og ser fram til meir ansvar som simulatoransvarleg.

– Eg er veldig nøgd med yrkesvalet mitt. Det er ein interessant jobb, der eg føler eg kan bidra med noko.

Det beste med jobben er jobben i seg sjølv. Noko av det 24-åringen set pris på med jobben er at det kan vera raske og store temposkifte, ikkje berre frå dag til dag, men på få minutt.

– Det er difor viktig å kunne omstilla seg kjapt.

Opplever Nord-Noreg

Ho trivst også godt med skiftarbeid der ho jobbar mykje i periodar og har lengre friperiodar.

– I tillegg til å trivast godt med sjølve jobben, er eg også veldig heldig med kollegaane mine. Dei har teke meg godt imot frå start, og gjort at det har gått heilt fint å flytta så langt heimanfrå.

Det mest utfordrande med jobben er nok alt ansvaret, noko ho trivst med.

– Eg trur det er mange som ikkje veit heilt kva flygeleiaryrket går ut på. Som flygeleiar er jobben din først og fremst å syta for ei trygg, rask og effektiv trafikkavvikling.

Som nyutdanna nyt 24-åringen å kunna jobba sjølvstendig og sjå andre delar av landet.

– Draumen er å koma meg sørover etter kvart og jobba litt nærare vener og familie, men akkurat no synest eg det er heilt greitt å jobba litt ulike stader i landet. Eg er glad for at eg får moglegheita til å oppleva Nord-Noreg!


Bread Christensen heller drinkar ved NM i Bartending.

Bread Christensen heller drinkar ved NM i Bartending. Foto: Iselin Birkenes Terjesen

Hanna Wenger Langseth

Alder: 24 år

Frå: Eidsvoll

Yrke: Flygeleiar

Utdanning: Flygeleiarutdanning