Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Året eg vart 20 var ei stor omvelting i livet mitt. Eg hadde nettopp gått frå å vere ukjent til å verte kjent over heile landet etter 2.-plassen i noregshistorias første Idol-sesong.

Noregs aller første sesong av songkonkurransen gjekk av stabelen i 2003. I finalen stod Kurt Nilsen og Gaute Ormåsen, og røyrleggjaren frå Bergen slo brumunddølen med nokre få prosentpoeng av publikumsstemmene. Kjendisar vart dei begge to.

Men det var ikkje berre berre å få livet snudd på hovudet som 20-åring. Det var eit alvorspreg over den nyvunne suksessen:

– Eg måtte lukkast med musikken, fordi eg trass alt stod utan utdanning, jobb eller andre talent, så vegen frå Idol-finale tilbake til kassa på Hydro Texaco kjendest skremmande kort.

Noregs dårlegast bevarte hemmelegheit

20 år seinare kan ein konstatere at Gaute Ormåsen (39) har lukkast med musikken, og slepp reise attende til sin tidlegare arbeidsgjevar med hua i handa.

Brumunddølen har gjeve ut fire studioalbum og turnert landet rundt, skrive songar for artistar som den tyske DJ Robin Schultz, delteke i Melodi Grand Prix og prøvd seg både i Hotel Cæsar og Skal vi danse.

I årets Melodi Grand Prix-finale kunne han også avsløre ein dårleg bevart hemmelegheit: Han har gøymt seg bak maska til ulven Jim i Subwoolfer. Makkaren Keith er britiske Ben Adams, kjend frå A1.

Foto: Universal Music Norge

Duoen skapte bølgjer då dei vart det norske bidraget til fjorårets Eurovision Song Contest med låten Give That Wolf a Banana. Då hevda Subwoolfer å ha vorte grunnlagt for 4,5 millionar år sidan. Dei hadde kome heile vegen frå månen til jorda for å erobre også denne planeten musikalsk.

Låten klatra opp på topp 10-listene både her heime og i Estland, Finland, Island, Latvia, Litauen, Sverige og Ukraina, og Topp 50 i endå fleire land. På Spotify er songen spelt over 30 millionar gongar.

Subwoolfer-suksessen har òg opna andre dører. Gruppa er aktuell både med ei barnebok og ein komande dokumentar om det første året bak dei gule maskene.

Brumunddal til Oslo

Tilbake i 2003. Gaute Ormåsen har akkurat sikra seg andreplassen i Idol, og kvardagen vert snudd på hovudet.

Brumunddølen pakkar saman livet i heimbyen og set kursen mot Oslo saman med ungdomskjærasten.

– Eg hadde aldri budd heimanfrå før, sånn på ordentleg, og vi enda opp med å leige ei lita kjellarleilegheit på Nordstrand, minnest Ormåsen på e-post til Framtida.no.

Ormåsen og kjærasten hadde då allereie vore saman i om lag fem år, og ho var den viktigaste personen i livet hans på den tida.

– Vi var som sagt saman i ganske mange år, og sjølv om eg aldri fortalde ho det direkte, så er min kanskje mest kjende låt Kjærlighet er meir enn forelskelse definitivt skriven rundt det forholdet som dessverre tok slutt eit par år seinare.

I fleire år, ved sidan av vidaregåande og dei tre vekene han fekk i militæret før han strauk på høyrselstesten, hadde Ormåsen arbeidd på bensinstasjonen Hydro Texaco. Etter songsuksessen, byrja han plutseleg å tene meir pengar enn kva han var vand til.

Same året spanderte han på seg ein gammal Porsche 911 Targa/Cabriolet.

– Eg følte vel at eg måtte byte ut min blodharry Audi 80 med sota vindauge osv., med noko som det var litt meir popstjerne over.

Elendige låtar i heimestudioet

Den nye kvardagen gjekk med til musikk og å skrive låtar. Ormåsen sjølv seier han ikkje var særleg god med låtskrivingspennen på den tida, men det var målet på sikt.

Han kjøpte seg heimestudio, men forstod ikkje bæret av det. I 2003 hadde han heller ikkje noko YouTube å lære av, så det tok utruleg lang til å få til noko som helst.

– Men etter kvart fekk eg til å lage nokre ganske, dessverre, elendige låtar. Det var eit stort steg i rett retning. Eg har jo hatt ganske stor suksess som låtskrivar dei seinaste åra, men det var altså ikkje tilfellet då eg var 20.

Gaute Ormåsen kom på andreplass i aller første sesong av Idol.
Foto: Thomas Bjørnflaten / SCANPIX

20 år gamle Ormåsen brukte mykje tid på å øve med band, og var i studio med meir erfarne produsentar og låtskrivarar enn han sjølv. Han spelte på VG-lista, Norway Cup og festivalar og kulturhus landet rundt.

– Elles var det jo festing både i jobbsamanheng og på byen i Oslo, eller heime i Brumunddal med dei gamle gutane.

I tillegg stilte artisten opp gratis for diverse bistandsorganisasjonar, men òg for aktørar som såg sitt snitt til å tene pengar på hans nyfunne kjendisstatus.

– Vi var superstjerner, rett og slett

Det sterkaste minnet Gaute Ormåsen har frå 2003 er Idol-turneen som føregjekk heile sommaren. Idol-vinnar Kurt Nilsen skulle reise landet rundt, og publikum fekk stemme over kva andre profilar frå songkonkurransen som fekk vere med. Gaute Ormåsen var ein av dei utvalde.

– Vi reiste over heile Noreg og spelte for kanskje 9000 menneske gjennomsnittleg på kvar konsert. Vi var superstjerner, rett og slett. Vi hadde livvakter og full pakke – heilt komisk og absurd å tenkje på no, minnest artisten.

Stjernene frå Idol reiste på turné sommaren 2003. Her syng Gaute Ormåsen på scena i Tusenfryd.
Foto: Knut Fjeldstad / NTB

Om brumunddølen skulle gjeve den 20 år gamle versjonen av seg sjølv nokre råd, hadde det første vore det klassiske «slapp av det går bra».

– Alle symptom i kroppen du merkar betyr ikkje at du skal døy snart. Du kjem til å klare å leve med tinnitusen, supplerer Ormåsen.

Han hadde òg rådd seg sjølv til å lære seg mindfulness først som sist. Det siste rådet Ormåsen (39) ville gjeve Ormåsen (20) er å halde styr på økonomien:

– Ta kontrollen og oversikta over inntektene, viss ikkje endar dei opp til alle andre enn deg. Det er lov å ta ordentleg betalt når det er kø utanfor kvar gong, og det varar ikkje evig.


I NRK-programmet «Edel vare» kan ein sjå Alex Rosén sin første dag på jobb i NRK. Allereie før den tid hadde han opplevd mykje, som at det verdskjende «Vampyr»-måleriet til Edvard Munch vart oppbevara i garasjen der han budde. Foto: Mette Randem/NRK