Som 20-åring hadde Robert Stoltenberg allereie fått ein fot innanfor mediebransjen. Han visste kva han ville verte, men ikkje heilt kven han var.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var eit kjempesjokk å kome inn i militæret. Vi hadde ein veldig streng sersjant, så det var eit vanvitig regime. Mange av oss gjekk til presten for å seie at «eigentleg er eg imot å skyte og drepe andre menneske».

I 1985 var Robert Stoltenberg 20 år gamal og i gang med førstegangstenesta i militæret. Det tok lang tid frå første sesjon til første dag i leiren, og unntak frå militærtenesta fekk ein ikkje med mindre ein var fysisk sjuk eller hadde psykiske plagar.

Sjølv ikkje når ein freister overbevise militærpresten om at ein er pasifist.

– Då var det for seint, fortel Robert Stoltenberg på telefon til Framtida.no.

Visste at scena kalla som 7-åring

Som 20-åring hadde Robert Stoltenberg fått ein fot innanfor underhaldningsbransjen, og i åra etter har han vorte eit kjent fjes på tv og på scena.

Stoltenberg arbeidde bak kameraet i mange år, før han sjølv tok steget framfor linsa. I 2002 fekk han sitt store gjennombrot med serien Borettslaget, og heile Noreg vart kjende med Narvestad og bebuarane i Tertitten borettslag.

Stoltenberg-karakteren Narvestad debuterte på TV i 2002, og har dukka opp jamleg sidan då. Seinast i 2017 tok Narvestad statskanalen sine sjåarar med på ferie. Foto: Ole Kaland/NRK

Stoltenberg fortel at han har visst kva han vil verte i livet sidan han var sju år gammal, og spelte i skuleteater på Tveita skole for første gong.

– Eg spelte fangevaktar, som var ei bittelita rolle, men det var magisk å stå på ei scene framfor så mange menneske, minnest han.

Sine seks første år på barneskulen var Robert og tvillingbroren Harald innom fire forskjellige skular, og teateret vart ein måte å overleve på i dei nye kvardagane.

– Andre tykte nok vi var rare, men dei respekterte at vi fann på ting.

Som 25-åringar tok brørne Harald og Robert Stoltenberg til som programleiarar av NRK-programmet Panorama. Foto: NRK, Ole Kaland

I haust har 57-åringen igjen vore å sjå på teaterscena. Denne gong som Miss Trunchbull i Folketeateret si oppsetning av Roald Dahl-klassikaren Matilda.

Militæret

Tilbake i 1985 og førstegangstenesta. Robert Stoltenberg sin første stopp var i Sambandet på Jørstadmoen, nord for Lillehammer.

– Det var eit regime, og eit klart macho-miljø, så eg syntest det var tøft, fortel han.

Stoltenberg hadde aldri før skote med gevær, og no hadde han fått automatgeværet AG-3 i nevane. Dette skulle han i tillegg kunne demontere og setje saman på tid.

Trass utfordringane, så var det òg morosamt og inspirerande å skulle bruke seg sjølv på nye måtar, fortel han. Stoltenberg utmerka seg i teoretiske oppgåver han kunne pugge til.

Eg fekk beste prøve på laget eg var på. Di betre prøve, di betre sjanse hadde du for å kome dit du ville etterpå, minnest 57-åringen i dag.

Samstundes som han gjennomførte førstegangstenesta, skreiv Stoltenberg artiklar til ungdomssatsinga Aftenposten då hadde i A-Magasinet.

20-åringen budde på åttemannsrom, men gøymd under dyna med ei lita lommlykt kunne han kladde tekstar, som han seinare reinskreiv.

– Det å sjå sin eigen artikkel med illustrasjon, det var veldig stort. Det gjorde meg veldig stolt å lese «Tekst av Robert Stoltenberg».

Tremilsmarj og Fame

På den tida jobba Stoltenberg òg i Ungdommens radioavis i NRK.

– Eg flaug rundt med ein bandopptakar og laga innslag til radioen medan eg var i militæret, minnest han.

57-åringen fortel at det vart ei overlevingsmekanisme – å gjere noko kreativt, fekk tankane vekk frå det som var vanskeleg ved å vere i militæret. 

– Eg skjønar ikkje at dei gjekk med på det, men i tremilsmarsjen lurte eg meg unna ved å føreslå for befalar å lage ein reportasje av det, seier han og ler.

– Eg køyrde rundt i bilen med ein løytnant og intervjua folk, og dei hadde jo kjøtsår av marsjen. Eg var litt feig, men eg brukte det for alt det var verd. 

Ungdommens radioavis førte òg til at Robert Stoltenberg fekk treffe mange interessante folk. Han fekk intervjue A-ha, som hadde sitt store gjennombrot og vann Årets spellemann i 1985.

TV-serien Fame, basert på filmen med same namn, rulla på skjermen. Då skodespelar Gene Anthony Ray, som spelte ein av hovudkarakterane Leroy, kom til Noreg stilte også han til intervju med Stoltenberg.

Skodespelarane i Fame. Gene Anthony Ray er bakarst, i midten. Ansiktet hans er delvis dekt av handa til Debbie Allen. Foto: Rob Croes / Anefo, CC0, via Wikimedia Commons

57-åringen hugsar framleis kor utruleg det kjendest:

– Leroy, han eg har sett på Fame, sit i kantina på NRK og eg får intervjua han med bandopptakaren min. 

Aids-epidemien – eit mørkt slør over livet

I 1985 prega aids-epidemien verda, noko Robert Stoltenberg hugsar godt.

– Eg visste eg var homofil, men var engsteleg for å fortelle det til andre. Det var meir stigma knytt til det enn det er i dag, og vanskelegare vart det då aidsepidemien kom, seier han og held fram: 

– Vi ante ikkje korleis det smitta, og våga knapt å klemme nokon andre.

Stoltenberg fortel at det var mykje skam knytta til å vere homofil midt på 80-talet, og med aidsepidemien vart det verre. Om ein var saman med andre homofile, frykta ein å verte smitta og sjuk med dødeleg utgang.

Bilete frå ein demonstrasjon i New York, 15. november i 1985. Dei oppmøtte protesterte mot eit føreslege forbod som ville stenge elevar og lærarar med aidsviruset ute frå skulen. Foto: AP Photo/Rick Maiman

– Den skamma som det innebar, det gjorde at ein levde i eit mørkt vakuum. Ein var redd, redd, redd heile tida.

Stoltenberg viser til den svenske serien Torka aldrig tårar utan handskar, som skildrar livet til ei gruppe homofile menn i Stockholm, når aids byrjar spreie seg:

– Slik var det også i Noreg. Unge menneske døydde, og foreldre ville ikkje seie noko til naboen. Det var ein veldig dyster periode. 

Anerkjenning

1985 var eit år vanskeleg år, men òg eit år rikt på opplevingar for Robert Stoltenberg, som prøvde å finne ut kven han var.

Ein av dei viktigaste personane i livet, på den tida, var mor hans.

– Ho betydde veldig mykje for meg, men det var litt komplisert. Ho skjønte nok ikkje alltid kva eg dreiv med, og eg tenkte veldig mykje på å få anerkjenning av ho.

57-åringen peikar på at tusen menneske kan seie tusen fine ting om deg, men det dine eigne foreldre seier betyr mykje. Det skapar ein enorm tryggleik å vete at dei støttar deg og vala du tek i livet.

– Eg var veldig glad i mora mi, og ønska difor at ho skulle anerkjenne det eg haldt på med og meg som person. Det kan vere litt sårt. 

20-årsdag og Bobbysocks

Då 20-årsdagen til tvillingbrørne Stoltenberg kom, 17. april 1985, var Robert oppteken av at det skulle feirast skikkeleg. Det var ikkje dagen for å berre treffast og ete potetgull. 

Difor inviterte han til bursdagsfeiring heime i Fetsund, der familien budde, og dekka langbord til 30 personar. Stoltenberg har alltid vore glad i å lage mat, og vurderte ei periode å verte kokk, så til sin eigen bursdag stod han for serveringa.

– Vi hadde ikkje så god råd, og eg hugsar enno at eg laga kjøtbiff. Eigentleg var det kjøtdeig med nokre andre ingrediensar blanda saman, som eg la i ei form og seinare skar opp som biffstykker. 

Han har framleis mange av dei gamle vennane sine den dag i dag, noko han meiner er verdifullt.

Nokre få veker seinare, var det igjen duka for fest: Då gjekk Bobbysocks til topps i Eurovision Song Contest med La det swinge.

– Det var magisk. Vi sprang ut i gatene, som på  17. mai. Berre, tenk at Noreg kunne vinne Melodi Grand Prix! Det var veldig stort, minnest Stoltenberg. 

Ring i øyret

Det sterkaste minnet han har frå året han var 20, er frå ein situasjon han misforstod der og då, men seinare har sett pris på.

Etter tre månadar på Jørstadmoen, vart Stoltenberg og ein kamerat frå vidaregåande saman sende til militærteneste på Akershus festning i Oslo.

– Nokre gongar så sa han «no går vi ut på Karl Johan og kjøpar bollar og brus». Vi hadde alltid på uniform, og han føreslo at vi skulle putte ring i øyret. 

Den gong var ring i øyret gjerne eit teikn for å vise at ein er homofil, forklarar Stoltenberg, som ikkje skjønte kvifor kameraten føreslo noko slikt.

– I ettertid har han sagt at han skjønte at eg var homofil. Han ville fortelje meg, utan å seie det med ord, at det var ok. Det var veldig fint gjort, men eg tok aldri det hintet.

Då han var 24-åring var Robert Stoltenberg på fest hos ein venn. Der trefte han Christian Grønvold (t.v.): – Vi fall for kvarandre. Og i dag, 33 år seinare, held vi framleis saman. 
Biletet er frå september 2022.
Foto: Javad Parsa / NTB

Usikker på innsida, sjølvtillit på utsida

Om han tenkjer tilbake, minnest Robert Stoltenberg at han nok var mykje engsteleg som 20-åring. Han var uroa for korleis livet hans skulle verte.

Eg tenkte mykje over det. Det låg som eit mørkt slør over meg. Ville livet mitt verte bra? 

På same tid som han var usikker på innsida, så strutta han av sjølvtillit og engasjement.

– Eg følte meg liten og usikker, men hadde ungdommeleg pågangsmot og tenkte at alt er mogeleg om ein gunnar på. Eg stod i det spennet der. Det hugsar eg veldig tydeleg.

– Kva hadde du tenkt, om du i dag møtte den yngre versjonen av deg sjølv?

– Då ville eg lagt handa på skuldra til 20-åringen og sagt at «Det går bra, det kjem til å gå bra». Slapp av. Ver tolmodig.

Robert Stoltenberg skulle ønskje nokon hadde sagt det til han, då han var 20. At sjølv om ting er vanskelege no, så kjem du til å få det fint – ta det steg for steg og pust med magen. 

– Eg er nok litt pessimist av natur, for då vert du positivt overraska om det går bra. Livet mitt har ikkje utelukkande vore ein dans på roser, men eg må seie at eg som 20-åring aldri hadde trudd livet mitt skulle verte så bra. Eg er svært takksam. 


På bilete til venstre er Lan Marie Nguyen Berg i 20 år gammal. Bilete til høgre syner MDG-politikaren i dag, 35 år gammal. Foto: Privat, Julia Marie Naglestad/NRK