Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg gledde meg veldig til framtida og hadde ei kjensle av at det berre så vidt hadde byrja. Barndommen var bra, ungdomstida var fantastisk. Eg hadde ei tante, Gerd Bjerké, som alltid sa: «Alexander – for ho brukte alltid heile namnet mitt – det er berre å gle seg». 

Tanta til Alex Rosén, Gerd Bjerké, var gift med forfattar Andre Bjerké. Rosén minnest å ha fått mykje støtte frå tanta når far hans gjentekne gonger hamna på sjukehus på grunn av alkoholmisbruk.

– Eg er glad eg opplevde ein far med alkoholproblem, fordi eg fekk ein redsel for rus og skjønte at alkoholikar skulle eg ikkje bli, seier Rosen på telefon til Framtida.no. 

Alex Rosén er ein av deltakaranei livsstilsprogrammet «16 ukers helvete» der deltakarane får trening- og kosthaldsrettleiing. Foto: Discovery

54-åringen viser til korleis alkoholskadar byrjar å synest når ein passerer 40 og fører til at ein døyr tidlegare.

Sjølv synest han at livet er så fint at ein må ta vare på det, noko som er delar av motivasjonen for å delta i realitysatsinga 16 ukers helvete på Discovery – der han får hjelp til eit sunnare liv med kosthald og trening.

Passa på «folkekongen»

Det og podkastprosjektet Alex Rosén reiser til Mars, som krev eit betydeleg betre oksygenforbruk enn det han har i dag.

Men tilbake til Alex Rosén 20 år. Året er 1988 og Oslo-guten fullfører verneplikta si i Hans majestet kongens garde, der han vakta over vekselvis slottet og kongsgarden Skaugum.

– Eg trur 20-årsdagen min må ha blitt feira som vakt på slottet, der eg passa på kong Olav, som levde då. Eg møtte kong Olav fleire gonger som gardist, seier Rosén, som synest det er fantastisk å ha møtt kongen som gjerne vert kalla «folkekongen». 

2. juli 1988 feira heile Noreg Kong Olav sin 85-årsdag. F.v. kronprins Harald, prinsesse Märtha Louise, kong Olav, prins Haakon og kronprinsesse Sonja. Foto: Eystein Hanssen NTB / NTB

Etter å ha fullført verneplikta i forsvaret jobba Rosén kveldsskift på ein kiosk på Torshov, var vaktmeister på Antirasistisk Senter og stod på scena som Gud saman med teatergruppa Artists for Liberation. Dei heldt til på Black Box Theater på Aker Brygge i Oslo.

– Eg var mykje ute på byen. Eg var veldig festete, så fredagar og laurdagar var det fest, minnest Rosén.

Rotter i kjellaren og Vampyr i garasjen

Frå ein vinter og vår med streng disiplin, var det ein heilt anna kvardag som venta etter Rosén vart dimittert.

– Eg budde på Ulven herregard i Ulvensplitten, ein fråflytta herregard som me okkuperte. Me betalte ingenting, det var 25 rom, fire stover og kjøkken. Me skata innandørs og hadde politiet på døra jamleg, ler Rosén.

Ulven gard. Foto: Anders Beer Wilse/Oslo museum

Dei var fire gutar i huset: Trym Klingenberg som var slalomtrenar for landslaget, ein motorsykkelfyr ved namn Jarle som seinare flytte til Malaysia, kunstmålar Espen Hårstad og Alex Rosén.

– Det var masse rotter i kjellaren og rotter som sneik seg over dyna. Det verste var om dei kom under dyna, minnest Rosén.

Ein av garasjane leigde dei ut til Pål Enger, som skal ha oppbevart Munch-måleriet Vampyr i garasjen.

– Me visste jo ikkje at me lånte ut til Tveitagjengen, ler Rosén.

Edvard Munch sitt verdskjende Vampyr (1895) vart stole i 1988, men kom til rette.

Rockelivet

Det var framleis nokre år til underhaldaren skulle få sitt gjennombrot som stuntreporter på NRK, men saman med banda The King and I og Ripp/Rapp spelte han på ulike scener i Oslo.

Draumen var å bli rockestjerne og intellektuell. Førebileta var alt frå Nick Cave, The Cramps, Gun Club. Vidare nemner han Life … But How to Live it?, Bøyen Beng, Stiff Nipples, The Litter, The Chocolate Watchband, Iggy Pop og bautaen Elvis Presley.

På den norske musikkscena var det Jokke, Raga Rockers, DumDum Boys og Lars Lillo Stenberg.

– Han var litt vestkant, men han hadde reflektert litt. Han var fire-fem år eldre enn meg og fekk gjennombrotet sitt medan eg gjekk på vidaregåande, minnest Rosén.

Filosofiske draumar

Ved sida av alt dette tok han opp fag for å kome inn på filosofi på Blindern. Ved sida av Charles Bukowski las han filosofane Decartes, Hume og Aristoteles – og var oppteken av Frankfurterskulen, representert ved Adorno, Habermas, Horkheimer og Erich Fromm.

Alex Rosén var oppteken av Frankfurterskulen. Her representert i Heidelberg i 1964 ved Max Horkheimer (framme til venstre), Theodor Adorno (framme til høgre) og Jürgen Habermas (bak til høgre). Foto: Jeremy J. Shapiro/Max Weber-Soziologentag (CC-Commons 3.0)

– Dei er opptekne av politikk og vidareføring av ein gamal sosialisme med utgangspunkt i Marx og den gamle, anarkistiske måten å sjå verda på. Eg var i opposisjon mot det etablerte og brukar støtt å seia at: «Den som ikkje er sosialist som ung har ikkje hjarte, og den som ikkje er kapitalist som eldre har ikkje hjerne», siterer 54-åringen. 

I tillegg til podkasten som han håpar skal resultera i ei reise til Mars er han nemleg aktuell med boka Aksjeskolen, saman med Roger Berntsen.

Nokre år før, i 1988 hadde tenåringen seld aksjane han fekk i dåpsgåve frå bestefar for å kjøpe speidarutstyr. 200 kroner hadde vakse til 18 000 kroner – noko som i alle fall heldt til sovepose og sekk, kanskje også telt.

Rosén var speidar heilt fram til han var 20 år. Der lærte han ting som kom til nytte både i militæret og på ekspedisjonar.

Funny musikar

Som 20-åring var speidar- og militær uniform og disiplin bytt ut med punkmiljø og teater, noko som ikkje alltid passa like godt saman.

– Eg hadde ei litt postmodernistisk tilknyting til verda. Eg var ein del av den ironiske generasjonen og skulle aldri bli musikar, men eg heldt på med det. Eg hadde gått i skule hjå Åsleik Engmark på revyen til Grefsen skole. Der lærte eg teater og kombinerte det å vera funny med musikk, men då var eg verken funny nok eller seriøs nok.

– Det var vanskeleg fordi eg verken vart teke seriøst som komikar eller musikar, seier Rosén, som var oppteken av å skapa sin eigen veg.

Alex Rosén vitjar Kristiansund som 24-åring:

Skulle han gitt eitt råd til 20-åringar så er det enkelt og greitt «om du trakkar feil, så berre hald fram og ikkje gje deg». 

– Sjå berre på Lars Lillo. Det var ingen som likte stemma hans til å byrja med, men han berre halde fram og insisterte på å gje ut musikk. Ikkje gje deg – hald på draumen din!

Fyllearresten

– Kva er ditt sterkaste minne frå du var 20 år?

– Eg trur det sterkaste minnet eg har var då eg hamna i fyllearrest på byen. Ein ven av hadde hamna i slagsmål og eg måtte ta han med meg på legevakta. Der sit ein kar og drikk heimebrent. Medan me ventar får eg ein og ein til, så byrjar eg å bli motbydeleg, fortel han og held fram:

– Så var det noko eg sa som fekk politiet i inngangen til å arrestera meg. Det var eit sjokk å gå heim den morgonen med bota i lomma og eg hugsar eg tenkte at eg aldri meir skulle bli arrestert, ler Rosén.

I april 1999 hadde NRK-programmet «Action med Alex» premiere. Foto: Ole Kaland/NRK

Når han seinare har vorte fengsla i utlandet på jobb for NRK har det likevel ikkje vore den same skjelsettande opplevinga som den natta i 1988.

«Det einaste eg veit, er at eg ikkje veit»

Og ut av den opplevinga kom det eit anna livsråd, som skøyaren har teke med seg: At ein må læra seg å vera audmjuk og putte stoltheita litt på hylla.

Det er ei dyd å vera audmjuk og sleppe andre til. Eg kan verka veldig brautande og sjølvopptatt, men det var ikkje før eg lærte å vera audmjuk og lærte å seia at «dette veit eg ikkje noko om», at eg fekk noko ut av det, forklarar Rosén, som måtte ut i verda for å lære nettopp denne leksa.

– Gutar er ikkje vant til det og lærer at ein skal fikse alle situasjonar. Eg måtte lære det at eg tok feil. «Det einaste eg veit, er at eg ikkje veit», for å sitera Sokrates.


På bilete til venstre er Robert Stoltenberg 20 år. Til høgre er han i dag. Foto: Privat