Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trudde eg visste at eg skulle bli spesialpedagog, og såg føre meg å studere det lenge (i alle fall master), men så har eg enda opp med å bli noko anna – som likevel ikkje følast heilt urelatert, skriv Iben Akerlie, og legg til:

– Samstundes, når eg ser tilbake på livet mitt før, og lenger bakover, følast det kanskje riktigare at eg blei skodespelar og forfattar, heller enn spesialpedagog.

Les fleire «Då eg var 20»-spalter her!

Før Victoria

Iben Akerlie var å sjå på det store lerretet allereie som 13-åring i den prislønte barnefilmen Glasskår frå 2002.

Men det var i tittelrolla i Torunn Lian sin filmversjon av Hamsun-klassikaren Victoria frå 2013 at ho for alvor vart kjend.

Forfattar og skodespelar Iben Akerlie (34) er snart aktuell som rekrutt i Kompani Lauritzen på TV 2. Foto: Matti Bernitz/ TV 2

Sidan den gong har ho gitt ut tre barnebøker, er tilbake i quizprogrammet Alle mot alle på Discovery og er snart aktuell som rekrutt i det populære reality-konseptet Kompani Lauritzen på TV 2.

2008, året ho fylte 20 år, hugsar Iben Akerlie som eit veldig godt år med både jobb, studium og backpacking i Argentina og Brasil.

– Eg var klar for å starte på studia etter eit år med jobb i barnehage, og frå turen til Sør-Amerika sit nokre veldig sterke minne igjen; spesielt dagane inne i Pantanal, som er den aller nedste delen av Amazonas og består av våtmarker og elvar, stappfulle av pirajaar og kaimanar. Skogane rundt hadde både anacondaslangar og jaguarar og ulvar.

Iben Akerlie og reisefølgjet budde fire-fem dagar hos ein familie inne i jungelen, der dei fiska pirajaar til middag og gjekk på månetur for å finna ulvane.

I 2008 var Iben Akerlie på backpacking i Brasil og Argentina. Jungelen i Pantanal og Ihla Grande utanfor Rio var nokre av høgdepunkta. Foto: Privat

Reisa til Sør-Amerika starta ikkje på topp, men enda opp som eit av dei sterkaste minna frå det året.

– Ein av grunnane til at eg hugsar den turen så godt, er òg fordi eg opplevde akutt heimlengsel – noko eg aldri hadde opplevd før, sjølv om eg hadde eit heilt år i USA «åleine» bak meg, fortel ho og held fram:

– Dei første dagane i Buenos Aires sat eg berre på datamaskina og telefonen med ein reiseagent for å freista å få billettar heim (på forsikringa!). Men etter nokre dagar gjekk det seg til, og blei ei av dei finaste opplevingane – både med Pantanal, som nemnt, men òg dagane i Buenos Aires og ein tur ut til Ihla Grande.

Stille før stormen

34-åringen hugsar 2008 og livet som 20-åring som ei fredfull tid, noko ho erkjenner kan ha samanheng med at ho ikkje følgde så godt med på den tida.

– Eg er sikker på at verda er meir turbulent i dag, noko som krev større politisk engasjement (frå meg), skriv Akerlie.

Skodespelaren må ty til Google for å finna ut at 2008 var året før svineinfluensa, og finanskrise – «som eigentleg ikkje gjekk utover oss i Noreg».

– 2008 var kanskje året det var stille før stormen – det føltest i alle fall som om alt var trygt og godt. Eg reiste mykje, noko «alle» gjorde på den tida. Ein/eg tenkte ikkje på klima på same måte som ein gjer no, det var heller ei sjølvfølgje at ein flaug til så mange stader som mogleg. Det å reise, helst til fjerne strok, var ein viktig del av sjølvutviklinga.  

Vart teke seriøst på jobb

Desse inntrykka står i kontrast til den første delen av året, som var prega av livet i barnehagen. Her hadde 20-åringen det ho skildrar som «den perfekte første ordentlege arbeidsplassen».

– Eg blei teke veldig seriøst, trass min unge alder – sjølvsagt av barna, men òg av meir erfarne tilsette og foreldre. Det forsterka veldig lysta til å studere vidare innafor faget, og eg hugsar at eg tenkte at alle, uansett kva dei skal vidare i livet, burde vere innom ein barnehage, som ei slags førstegongsteneste, meiner Akerlie.

Første del av studietida hadde Iben Akerlie nok med venene ho hadde frå før, men det endra seg. Foto: Privat

Sosial og fagleg hybris

Hennar første halvår på Blindern hadde ho ei form for hybris, som ho forklarar slik:

– Det var som om eg var litt for god for å vere der, nok fordi eg er frå Oslo og ikkje følte behovet for å få nye vener eller passe inn – så det første semesteret gjekk eg ganske venelaus (noko som heldigvis endra seg).

I tillegg kom 20-åringen frå vidaregåande med relativt gode karakterar og inn på eit studium som (i alle fall den gong) ikkje kravde så høgt snitt.

– Så eg følte vel at eg eigentleg ikkje trong å lese eller legge ned ein innsats – noko som enda med ein D på eksamenen som gjaldt for heile semesteret. Det var ein ganske stor wake up-call, og frå 1. januar blei det andre bollar.

HBO og engelsk litteratur

I tillegg las 20-åringen engelsk litteratur, frå viktoriatida til mellomkrigstida.

– Då eg var endå yngre las eg mykje Jane Austen og Dickens, men 2008 (+/-) oppdaga eg Middlemarch av George Eliot, som lenge var yndlingsboka mi, og Tess av d’Urberville av Thomas Hardy, til dømes. Og så etter kvart: Virginia Woolf, som framleis er med meg.

På den tida såg ein også TV-seriar i DVD-bokssett. For Akerlie sin del gjekk det mykje i HBO-seriar som The Wire, Six Feet Under, Tell me you love me, Deadwood og Rome.

Roskilde 2008

Den gong som i dag var ikkje Akerlie oppteken av nye artistar. 34-åringen oppdagar gjerne ting fire-fem år i etterkant og høyrde som 20-åring på ein del eldre hiphop og rnb.

– Men eg var på Roskildefestivalen ein del i dei åra, også i 2008, kor eg hugsar at eg såg det danske bandet Efterklang og Sharon Jones and the Dap Kings, og spesielt Neil Young som avslutta settet med eit halvtimes langt ekstranummer som var ein versjon av Beatles A Day in the Life, med dans og live-kunst og heile pakka. Og så hugsar eg at det var glovarmt.

Roskilde 2008 var varmt med mange gode konsertopplevingar. Foto: Privat

Naiv 20-åring

Ho hugsar ikkje 20-årsdagen sin, men dei neste vart Facebook-album og er difor lettare å minnast. På den tida var det kjærasten og venene som var dei næraste.

Iben Akerlie hugsar 2008 som eit år utan store bekymringar. Foto: Privat

– Eg hadde (og har framleis) mange vener frå barne- og ungdomsskulen, men denne tida var òg prega av nyare venskap frå vidaregåande (som eg framleis har i dag!). Eg hugsar det som ei tid kor ein brukte mykje tid med vener (og kanskje mindre med familie …?). 

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– At eg kanskje var ein smule naiv (naturleg nok). Eg møter 20-åringar i dag, og kjenner meg ofte ikkje igjen. Eg synest å oppdaga eit anna ambisjonsnivå og eit anna medvit i dag enn det eg hadde på den alderen (utan å skjere ein heil generasjon over ein kam), skriv Akerlie, og legg til:  

– Men eg hadde nok også tenkt at eg hadde det veldig godt. At eg berre skulle nyte tida, i uvisse om at livet blei vanskelegare og meir kronglete.

Få hinder i livet

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg var veldig positiv, og veldig nøgd. Eg følte eg alt hadde oppnådd mykje. Eg hadde leilegheit, kjærast, på veg i utdanning, og reiste og opplevde mykje. Eg hugsar eg såg føre meg å vere lenge på Blindern, og å lære mykje. Eg hadde stor glede av å lese og lære. Eg var nok ikkje så opptatt av merittar den gongen (som eg er no?), eller det å oppnå noko «meir enn» det eg allereie var i gang med.

Som 20-åring hadde ho til dømes ingen tankar om å skrive bok.

Iben Akerlie såg lyst på livet som 20-åring. Foto: Privat

– Eg var nok ikkje like ambisiøs som eg er no, men kanskje også (difor) mindre usikker eller mindre overtenkande. Eg var rett og slett veldig nøgd og eg hadde møtt få faktiske hinder i livet – eg såg nok føre meg, naivt nok, at det berre kom til å halde fram.

Ikkje ver redd for å skifte kurs

Av råd til seg sjølv har ikkje Iben Akerlie særleg mange.

– Ofte har eg tenkt at eg er ein litt «late bloomer», at eg oppdaga litt seint kva som verkeleg gjaldt for meg. Samstundes kunne eg nok ikkje ha oppdaga det særleg mykje før, for å vere den eg er i dag. Det er også ein stor lærdom, eller tryggleik, i at eg har starta som noko, men blitt noko anna – og at det samtidig finst kontinuitet i det, skriv Akerlie, og samanfattar:

Så mitt råd til meg sjølv hadde vore å (halde fram med) å ikkje vere redd for å skifte kurs eller ende opp ein annan stad enn der du trudde du skulle lande.


Les også: Då eg var 20: Aidsepidemien herja, og Robert Stoltenberg var redd for å klemme andre

På bilete til venstre er Robert Stoltenberg 20 år. Til høgre er han i dag. Foto: Privat