Vekas viktigaste: Skotsk minister går av, arkeologiske funn og Ap sine lokallag

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lokallagsmedlem i Arbeidarpartiet må bu i same fylke

Jonas Gahr Støre på landsstyremøte i 2022.

Jonas Gahr Støre på landsstyremøte i 2022. Foto: Arbeidarpartiet

Landsstyremøtet til Arbeidarpartiet går inn for å endre partivedtektene. I Ap er det slik at på landsmøtet får kvart fylke representantar som kan stemme basert på kor mange medlem dei har i lokallaga sine.

No vil partiet at dei som melder seg inn i lokallag skal ha bustadadresse i same fylke laget. Dersom dei ikkje har det, kan dei ikkje telje for kor mange representantar fylket skal få på landsmøtet. Bakgrunnen for vedtaket er Nidaros sosialdemokratisk forum i Trondheim. Laget er leia av tidlegare nestleiar Trond Giske og har fått svært mange nye medlem det siste året.

Mange av dei er ikkje frå Trøndelag, men støtter Giske sin opposisjon til leiinga i Arbeidarpartiet. Som ein reaksjon til det nye forslaget, forsøker dei no å organisere lokallag i andre byar, blant anna i Bergen, Oslo og Arendal.


Tyrkia etterforskar utbyggjarar etter jordskjelvet

Den tyrkiske byen Kahramanmaraş er ein av byane råka av jordskjelvet i februar 2023. Her frå 2011. Foto: Amir Sabbagh, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Over 131 personar blir etterforska i Tyrkia etter jordskjelvet som til no har kravd over 40 000 menneskeliv. Bygningsforskriftene i Tyrkia har tiltak mot jordskjelv, men blir ofte ikkje følgt. No er det mistanke om at måten bygga i området er laga har gjort at mange fleire har døydd enn nødvendig.

Noko av problemet er at politikarar har blitt gjort unnatak for å oppmode til meir bygging. Ekspertar har åtvara om korrupsjon i bransjen i fleire år.

Mykje av arbeidet som har skjedd etter jordskjelvet har gått til å få folk ut av ruinar som dei er fanga i. Dersom byggforskriftene hadde vore følgt, er det ikkje sikkert at bygningane ville ha kollapsa. Det er heller ikkje sikkert at folk hadde blitt fanga på same måte, dersom dei kollapsa.

Tyrkia har arrestert minst tre personar og gitt forbod for fleire å forlate landet.


Nicola Sturgeon går av som fyrsteminister i Skottland

Nicola Sturgeon på ein talarstol.

Nicola Sturgeon annonserte 15. februar 2023 at ho skal gå av som fyrsteminister i Skottland. Foto: Scottish Government

Det annonserte Nicola Sturgeon på onsdag. Ho har vore leiar av det skotske nasjonalistpartiet SNP i åtte år. Hovudsaka til partiet er skotsk sjølvstende frå Storbritannia.

I talen sin seier Sturgeon at ho ikkje kjem til å gi seg i politikken, men går av fordi det er det beste for skotsk sjølvstende. Ho understrekar at det ikkje har med dei siste månadene med politisk konflikt.

Skottland har eit eige parlament, og har sjølvstyre innan Storbritannia, men er likevel underlagt styresmaktene i London.

I november blokkerte den britiske regjeringa Skottland frå å ha ei ny folkeavstemming rundt skotsk sjølvstende.

Sturgeon kjem til å sitte fram til SNP har valt ein ny leiar.


Rekordmange klager til Kringkastingsrådet om Sophie Elise

Sophie Elise på boklansering i 2019. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Førre helg la Sophie Elise Isachsen ut eit bilete på Instagram som vart raskt sletta. På biletet er ho på eit bad på ein utestad saman med ei venninne som held ein gjennomsiktig pose med eit kvitt pulver i. Biletet hadde teksten «Livet blir cirka en milliard ganger morsommere når man bare gir faen» under seg.

Det er ikkje stadfesta at det var noko ulovleg stoff i posen som venninna heldt.

Isachsen har ein podkast ho lagar kvar veke for NRK. Sidan biletet vart publisert og teke ned, har Kringkastingsrådet fått over 2000 klagar. Mange meiner at NRK ikkje burde knytt til seg henne som ein profil, og viser blant anna til at ho vann Gullbarbie i fjor frå Press.

Dette er den tredje mest klaga saka til Kringkastingsrådet nokosinne. Rådet vil avgjere om dei behandlar saka eit par dagar før neste møte, som er 9. mars.


EU aukar avgifter på nye bensin- og dieselbilar frå 2035

EU-vedtaket vart fatta tysdag, og må no innarbeidast i lovverket til medlemslanda. Forslaget kom først i 2021, og er ein del av ei større klimapakke som EU la fram då.

Vedtaket er ikkje eit fullstendig forbod mot å selje fossile bilar frå 2035. Det blir ikkje ulovleg å produsere, selje eller kjøpe desse bilane. Fossile bilar blir derimot svært dyre, fordi dei vil bli pålagt høge kjøpsavgifter, rekna ut frå kor mykje utslepp bilen har. Det kjem til å gjere desse bilane dyrare også i Noreg, som ikkje er med i EU, men som er ein del handelsavtala EØS.

Sjølv om vedtaket mot nye bensin- og dieselbilar har møtt motstand frå konservative medlem av parlamentet, vart forslaget vedteke med 340 stemmer for og 279 stemmer mot.


✨Vekas lyspunkt✨: 2,9 millionar år gamle verktøy funne i Kenya

Arkeologar som grev i Kenya.

Arkeologar i Nyayanga Kenya in juli 2016. Det er her dei har funne dei nye steinverktøya. Foto: J.S. Oliver/Homa Peninsula Paleoanthropology Project via AP

Arkeologar i Nyayanga i Kenya har funne verktøy som er om lag 2,9 millionar år gamle. Dei vart truleg ikkje brukt av forgjengaren til mennesket, men av ein skapning som heiter paranthropus.

Dette var ein menneskeliknande art som levde parallelt med forgjengaren til menneske, men som døydde ut for rundt 1,1 millionar år sidan. Funnet i Kenya viser at det ikkje berre var forgjengarane til moderne menneske som var i stand til å bruke verktøy, men også artsslektningane deira.


Vil du få vekas viktigaste rett i innboksen? Abonner på nyheitsbrevet vårt!