Lærarane fekk ikkje gjennomslag i lønnsoppgjeret

Lønnsoppgjeret til lærarane avgjort etter streiken i fjor. Arbeidsgjevarorganisasjnen KS får fullt gjennomslag.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lærarane har no fått avgjerda etter den langvarige streiken i fjor, som vart stansa av regjeringa. Dei har ikkje fått medhald i krava sine.

– Hovudtariffavtalen i KS-tariffområde mellom KS og resten av arbeidstakarorganisasjonane i Unio blir gjort gjeldande frå 27. september 2022 til 30. april 2024, heiter det i avgjerda frå Rikslønsnemnda.

Det betyr at lærarane får den tariffavtalen dei streika mot.

Lærarstreiken gjekk føre seg i nesten fire månader, før regjeringa sette ned foten og sende han til tvungen lønnsnemnd. Det betyr at lønna blir avgjort av Rikslønsnemnda.

Lærarane har overfor nemnda kravd at lønnsoppgjeret skulle få verknad frå 1. juni i fjor, men nemnda har bestemt å følgje prinsippet om at det gjeld frå streiken vart avslutta 27. september.

Les også: Lærarar fortvilar over ny kunstig intelligens