God løn skapar kamp om læreplassane i fiskeri

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På landsbasis har talet på søkjarar til VG2-tilbodet fiske og fangst gått frå 135 for skuleåret 2019/2020, til 274 i fjor. Det har ført til at det er kamp om læreplassane, skriv NRK.

Birthe Richardsen, prosjektleiar i Opplæringskontoret for fiskerifag i Troms, seier kapasiteten på læreplassar på båt er metta.

– På oppdrettssida er det nok meir plassar. På akvakultursida, der vi nyleg fekk det nye fagbrevet havbruksteknikk, vil det om ei stund også kunne aukast med læreplassar. Men ikkje på fiskerisida. Ikkje som det er i dag, seier Richardsen til allmennkringkastaren.

Derfor blir det jobba kontinuerleg med nye bedrifter og reiarlag for å få fleire læreplassar.

– Vi prøver å få nye båtar inn som læreplassar. Vi prøver å fronte at ein må ta inn lærlingar særleg på fiskebåtar.


Les også: Yrket mitt: Julian (27) er glasblåsar – følte aldri skulebenken var noko for han

Julian Finne arbeider som glasblåsar. Foto: Maren Therese Forsbakk, June Åsheim