Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 15.02.2022 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det dreier seg om sju atollar, altså dei øvre kantane på korallrev kringom ein grunn lagune, fordelt på over 60 øyer.

Det samla arealet til alle Chagosøyene, som ligg i Indiahavet eit stykke sørom Maldivane, er ikkje meir enn drygt 56 km2. Av dette utgjer hovudøya, Diego Garcia, kringom to tredjedelar.

Eit nytt folk

Rett skal vera rett: Då portugisiske oppdagarar fann Chagosøyene på 1500-talet, budde det ikkje folk der. Det er det som har skjedd i hundreåra etter, som har vorte stridens eple.

På 1700-talet vart øyene del av den dåverande franske kolonien Mauritius, over 200 mil unna.

I 1793 vart den fyrste busetjinga etablert på Diego Garcia, og det sentrale føremålet var produksjon av kokosnøtter. Det harde plantasjearbeidet trong arbeidskraft, og til dette vart det nytta afrikanske slavar.

Eit hus frå ein av plantasjane på Diego Garcia. Det har i ettertid vorte restaurert. Foto: Steve Swayne frå Maleny, Australia/Wikimedia Commons/CC BY-SA 2.0

Etter at Napoleon abdiserte i 1814, vart Chagosøyene, til liks med Mauritius, overført frå Frankrike til Storbritannia. Det gode med dette var at slaveriet snart tok slutt.

Øybuarane, mange av dei etterkomarar av slavar, men også iblanda indisk blod, utvikla ein eigen kultur kalla Ilois, eit fransk-kreolsk ord for «øybuarar». (Eit kreolspråk er eit stabilt språk utvikla gjennom rask forenkling og blanding av to eller fleire andre språk; ein mindre veletablert variant blir gjerne kalla eit pidginspråk.)

Mauritius fekk sjølvstende i 1968, etter å ha hatt ein stor grad av sjølvstyre i ein del år. Tre år tidlegare hadde Storbritannia kjøpt Chagosøyene av Mauritius, og gjort dei til det som i dag heiter The British Indian Ocean Territory. 

Sir Bruce Greatbatch var den britiske guvernøren over Seychellane mellom 1969 og 1973, og var han styrte tvangsflyttinga frå Chagosøyene. Her inspiserer han æresvaktene i 1973. Foto: Dino Sassi – Marcel Fayon, Photo Eden LTD/Offentleg eigedom/via Wikimedia Commons

Ran på høglys dag

Verre var det at Storbritannia og deira allierte USA, også dette på slutten av 60-talet, byrja sysle med planar om å byggje ein militærbase på Diego Garcia.

Avtalen var at ei aud øy skulle nyttast, og dimed måtte øya gjerast aud: Folket som budde der, vart tvangsflytt.

Til å byrja med hamna dei fleste på andre av Chagosøyene, men innan 1972 var planen om avfolking utvida til å gjelde alle øyene i arkipelet. Alle plantasjane vart stengde, og diverse grep iverksette for å gjera livet på øyene uleveleg for dei lokale.

Chagossiarane har éin heim på denne jorda, og han får dei ikkje lov til å flytte attende til.

Enden på visa var at dei over tusen chagossiarane hamna på Mauritius, og i den litt nordlegare øystaten Seychellane.

Mauritius kravde betaling frå Storbritannia for å ta imot «flyktningane», og likevel skal dei ofte vorte handsama dårleg i det nye heimlandet sitt.

Seinare har chagossiarane mellom anna fått tilbod om britisk statsborgarskap, og også fått reise til øyene sine på ein kortvarig visitt, men dette og andre symbolske tiltak fortonar seg som eit lite plaster på det store såret: Chagossiarane har éin heim på denne jorda, og han får dei ikkje lov til å flytte attende til.

Bilete frå ein demonstrasjon i London i 2008, då ein domstol hadde vedteke at chagossiarane ikkje fekk reise heim til heimlandet. Foto: AP Photo/Matt Dunham

Ein fastlåst situasjon

Der står saka i dag. Ein skal lesa med sterk lupe for å finne nemneverdig merksemd kring den chagossiske saka i norske medium. Tyder det at chagossiarane er gløymde av verdssamfunnet? Nei, i grunnen ikkje.

Spørsmålet om Chagosøyene har nådd dei høgste instansane i FN, og mellom anna vore til handsaming i FNs juridiske hovudorgan ICJ, International Court of Justice. Det blir ikkje hevda at chagossiarane skal få danne ein sjølvstendig stat, men domstolen har fastslått at Storbritannia ved avkoloniseringa av Mauritius ikkje hadde rett til å skilja ut Chagosøyene og halde på dei, og at handsaminga av dei lokale innbyggjarane òg var urettmessig og ulovleg.

Konklusjonen: Det britiske herredømet over Chagosøyene må snarast opphøyre, og øyene tilbakeførast til Mauritius.

Amerikanske militærfly tek av frå Diego Garcia i oktober 2001. Foto: Senior Airman Rebeca M. Luquin, U.S. Air Force, Public domain, via Wikimedia Commons

Ein resolusjon med same bodskap i generalforsamlinga i FN vart støtta av 116 medlemsland, medan 56 avstod frå å røyste, og berre fem støtta Storbritannia: USA, Australia, Maldivane, Israel og Ungarn. Dette trass i at Storbritannia og USA hadde drive omfattande lobbyverksemd i forkant. 

Storbritannia, som forresten har erklært at området rundt Chagosøyene er eit marint verneområde, seier seg leie for måten chagossiarane har vorte handsama på, og dei lovar at Chagosøyene skal tilbakeførast til Mauritius når det militære nærværet i Indiahavet ikkje lenger er naudsynt – men ingen dato blir nemnt.

Skal det eventuelt bli noka løysing før den tid, kan ikkje denne koma i FN, men gjennom bilaterale forhandlingar mellom Storbritannia òg Mauritius – meiner Storbritannia. Dette kling ein smule holt, i og med at 50 års forsøk på forhandlingar om Chagosøyene ikkje har ført til noko som helst.

Den som lever får sjå, heiter det. Men det spørst kor mange av dei innfødde chagossiarane som lever lenge nok til å sjå dei kjære øyene sine bli frie frå militærmaktene.


Foto frå McMurdo-stasjonen: Eli Duke/Flickr/CC BY-SA 2.0