Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 20.10.2022 08:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kan verke underleg at den kalde øygruppa lengst sør i Sør-Amerika ber namnet Eldlandet, eller Tierra del Fuego på spansk.

Ein ukjent kunstnar harportrettert Fernando Magellan (ca 1480-1521). Foto: The Mariner’s Museum Collection

Det var den portugisiske oppdagaren Ferdinand Magellan (1480–1521) som såg dei mange båla til dei innfødde, og kalla dette då ukjende området for Tierra de Humos, «Røyklandet».

I ettertid meinte visstnok keisar Karl V at det ikkje blir røyk utan eld, og såleis vart namnet det meir poetiske Eldlandet. 

Menneske har budd på desse øyene i minst åtte tusen år, og dei har vore hardhausar. Kapp Horn, som dei fleste tenkjer på som enden av Sør-Amerika, ligg berre hundre mil nord for nordenden av Den antarktiske halvøya.

Eldlandet utgjer den sørlegaste delen av Andesfjella, og tallause fjell, fjordar og brear gjer jo at ein nordmann kanskje kan kjenne seg litt heime her. Klimaet er kjøleg, med korte sumrar og lange, våte vintrar. Skodde og fukt er eit gjennomgangstema, heile året. 

I sitt rette element

Yaganane er éi av fire hovudgrupper av urfolk på Eldlandet, men sidan dei blir rekna for den sørlegaste gruppa, kan dei med rette kallast det sørlegaste folket i verda. 

Fram til andre halvdelen av 1800-talet levde yaganane relativt uforstyrra av storsamfunnet og politiske tumultar i Sør-Amerika elles.

Kosthaldet deira var konsentrert rundt skjel, fuglar, sjødyr og fisk. Fangsten skjedde frå lette kanoar, men òg ved dykking ned under bylgjene.

Kleda til yaganane var gjerne laga av skinn frå sjøløver, men i det heile var dei forbløffande lettkledde, og når ein ser gamle bilete av dei, kan ein lure på kva det hadde seg at dei ikkje fraus i hel.

Yagankvinner fotografert i 1882. Foto Foto: M. Gusinde (CC BY 2.0)

Det handla nok, som for så mange urfolk, om ein ekstrem grad av tilpassing til omgjevnadene.

Eldlandet er ikkje eit dårleg namn, for yaganane var unekteleg ivrige på å tenne bål for å halde varmen.

Dei brukte òg å isolere kroppen ved smørja seg inn i dyrefeitt, og dei pla som regel sitja på huk heller enn i andre positurar, fordi det reduserer kroppen sitt overflateareal og dimed varmetapet. Ikkje minst utvikla dei, gjennom tusenåra, rett og slett høgare metabolismar enn andre folk, med auka kroppsvarme som resultat. 

Inntrengjarar

Innan koloniseringa av det fjerntliggjande Eldlandet for alvor tok til, hadde Chile og Argentina båe vorte sjølvstendige statar. Båe ville dei helst grafse til seg heile Eldlandet, men i dag er øygruppa delt mellom desse to landa. 

Møtet med dei framande vart diverre ublidt for yaganane. Nye sjukdommar tok livet av mange, og europeiske kval- og selfangarar rana dei for mange av dei mest næringsrike matkjeldene sine. Eit heftig gullrush til Eldlandet førte òg til samanstøytar. Sauebønder slo seg ned, og var brutale mot yaganar som kom i skade for å forsyne seg av buskapen. For yaganane var det ei naturleg sak å berre hente seg ein sau – dei hadde, i sin kultur, ikkje noko omgrep om eigedom. For selknam, eit anna urfolk på Eldlandet, utvikla konfliktane med bøndene seg til reine folkemordet. 

Charles Darwin fotografert rundt 1854. Foto: fox og Maull (public domain)

 Darwin og Jemmy Button

Når alt dette er sagt, kan det nemnast at mange europearar var imponerte over yaganane.

Ein som fekk møte dei, var ein ung Charles Darwin (1809–1882). Han var ikkje med på den fyrste seglasen til britiske HMS Beagle, då kvalbåten som tilhøyrde skipet vart stolen av yaganar, og kapteinen som ei slags straff tok fire yaganar som gissel og drog dei med seg til Storbritannia.

Den eine døydde snart, men dei tre andre fekk heldigvis vera med på Beagles berømte andre reise, heim att til Eldlandet.

Darwin avbraut presteutdanninga si for å bli med som vitskapeleg personell på denne ferda, som vara frå 1831 heilt til 1836, og som må seiast å ha starta karrieren til den store vitskapsmannen.

Særleg éin av yaganane, Jemmy Button – namnet fekk han fordi han vart betalt for med ein knapp av perlemor – gjorde eit djupt inntrykk på Darwin. Han var, for å seia det mildt, ikkje like positiv til alle urfolk han møtte rundt omkring, men Jemmy Button såg han på som ein gentleman. Det fascinerte Darwin korleis dette mennesket, som av oppseding og kultur var så ekstremt ulikt han sjølv, likevel kunne vera så galant, og endåtil lære seg engelsk. 

Men likevel: Då Jemmy Button fekk valet mellom å leva i det kultiverte Storbritannia og heime hjå kona si på Eldlandet, valde han det siste. 

Eit språk forsvinn

Det finst enno rundt 1600 menneske som kallar seg yaganar. Mange i Sør-Amerika er jo òg ei blanding av fleire etnisitetar. Men i februar i år døydde ei kvinne ved namn Christina Calderón på Navarino-øya utom kysten av Eldlandets hovudøy – og ho vart ikkje berre rekna som den siste fullblods yaganen i verda, men òg som den siste morsmålsbrukaren av språket yagan, som er eit såkalla isolert språk, radikalt forskjellig frå alle andre urfolksspråk i området. 

Heilt svart er ikkje framtida: Mykje av ordtilfanget i språket er nedteikna, og det finst planar om diverse tiltak som vonleg kan lære nokre unge yaganar å snakke språket. Men sjansen for at yagan igjen skal bli eit utbreidd og livskraftig språk her ved den kalde sørenden av den menneskelege sivilisasjonen, er diverre heller liten. 


Les også: Krokodiller i kamelekskrement – eit ørkeneventyr

Guelta d’Archei i Tsjad. Foto: Valerian Guillot/Flickr/CC BY 2.0