Rekordmange fekk læreplass i 2022

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er den høgaste andelen som er registrert sidan målingane starta i 2011, opplyser Kunnskapsdepartementet.

Nye tal frå Utdanningsdirektoratet viser at det i 2021–2022 vart inngått 25.000 nye lærekontraktar, 400 fleire enn året før.

Forskjellar blant fylke og bransjar

Kor lett det er å få ein læreplass, varierer mellom dei ulike utdanningsprogramma. Innanfor bygg- og anleggsteknikk fekk 87 prosent av søkjarane ein lærekontrakt, medan talet er 71 prosent ved helse- og oppvekstfag.

Blant fylka har Rogaland og Agder den høgaste andelen søkjarar som fekk læreplass med 85 prosent, medan 73 prosent fekk lærekontrakt i Vestfold og Telemark. Samanlikna med 2021 har andelen auka i alle fylke, bortsett frå i Vestland. Der gjekk andelen ned 1,4 prosentpoeng til rundt 82 prosent.

Regjeringa sette av 460 millionar kroner i statsbudsjettet for i år for å løfte yrkesfag.

Eit samfunnsansvar

– Dette viser at pilene peikar i rett retning, og det er attraktivt å velje yrkesfag. Regjeringa jobbar hardt saman med fylke og partane i arbeidslivet for å få stadig fleire ungdommar ut i lære, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) er glad for at rekordmange fekk læreplass i 2022. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Både det offentlege og bransjane har eit ansvar for lærlingar, meiner ho.

– Når fleire tusen ungdommar og vaksne kvart år står utan ein læreplass, tapar både samfunnet og den enkelte. Ved å ta inn ein lærling sikrar ein også rekrutteringa, seier Brenna.


Les også: Elevorganisasjonen krev meir enn dobla bortebuarstipend

Leiar i Elevorganisasjonen, Aslak Berntsen Husby. Foto: Eivind Lotsberg/Elevorganisasjonen.