100 skular skal flagge med det samiske flagget

100 skular i hovudstaden skal flagge med det samiske flagget på samefolkets dag 6. februar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oslo kommune har kjøpt samiske flagg for å minne Osloskulane om ansvaret for opplæring om samisk innhald, skriv NRK.

Dette skjer som resultat av at samiske foreldre i Oslo i fleire år har etterlyst betre organisering av samiskundervisninga. No har kommunen laga ein eigen plan for korleis tilbodet i samisk skal bli betre og meir synleg.

– Vi har eit oppdrag i at alle våre 90.000 elevar i Osloskolen skal kjenne til samisk kultur, ha forståing og også vekke meir interesse. Då er flagg eit av mange verkemiddel, seier skuledirektør Marte Gerhardsen i Oslo til NRK.

– Det er viktig for alle andre også å sjå at dette er ein del av Noreg. Dette er ein del av kulturen vår, historia vår, som alle skal vite noko om, seier ho.


Les også meiningsinnlegget: «Å nekte å heise det samiske flagget på samane sin nasjonaldag, er diskriminering»

Karina Gullberg-Vinje (18) i Stord Sosialistisk Ungdom meiner det bør flaggast over heile landet på samefolkets dag. Illustrasjonsfoto: Thom Rejnders