Slik skal resirkulert menneskehår hjelpe miljøet

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Veit du kva som skjer med det avklipte håret ditt når du er hos frisøren? Truleg går det rett i søppelbytta.

Det vil belgiske The Hair Recycle Project ha ein slutt på. Dei meiner nemleg håret kan kome til nytte, sjølv når det ikkje er på hovudet ditt.

Det melder nyheitsbyrået Reuters.

Menneskehår mot oljesøl

Organisasjonen resirkulerer menneskehår og lagar matter av det. Menneskehår kan nemleg absorbere olje og andre forureinande hydrokarbon. I tillegg kan ein lage nedbrytbare sekkar av håret.

Difor kan mattene vere nyttige ved oljesøl. Konsekvensane av oljesøl kan vere store – det kan føre til forureina drikkevatn, og utgjer ein risiko for både plante- og dyreliv.

Ei matte krev éin kilo menneskehår og kan absorbere sju-åtte liter olje, ifølgje medgrunnleggjar Patrick Janssen.

– Dei vert produserte her for å handtere lokale problem, og på den måten kan dei vere nyttige for samfunnet, seier han til Reuters.

Effektiv løysing

Megan Murray frå University of Technology i Sydney. Foto: University of Technology i Sydney.

Megan Murray frå University of Technology i Sydney i Australia, forskar på berekraftige teknologiar for å handtere oljesøl.

Ho seier til CNN at eit stort problem ved dagens handtering av oljesøl, er at ein brukar polypropylen-produkt. Desse endar ofte opp i eit avfallsdeponi etterpå, noko som betyr at ein eigentleg berre har flytta forureininga.

Forskinga til Murray tyder på at menneskehår kan vere like effektivt som polypropylen, og under nokre omstende betre.

I tillegg er menneskehår billegare, og ein har tilgang på hår verda rundt:

– Det er veldig spennande fordi det er eit materiale som truleg er gunstig for lokalsamfunn som ikkje kan kjøpe dyrare, vanlegare produkt, seier ho til CNN.

Hårmatter er likevel ikkje ei perfekt løysing, seier forskaren. Ho peikar på at dei berre kan verte brukte ein gong, og at ein så lyt anten brenne dei eller bryte dei ned i jorda – men då er ikkje jorda lenger eigna til å dyrke mat.

– Alle kan lage ei hårmatte

Det belgiske prosjektet er ikkje unikt. Amerikanske Matter of Trust var tidleg ute, og har laga hårmatter sidan år 2000. Organisasjonen har lokale partnarar som produserer matter i 17 land verda over.

– Alle kan lage ei hårmatte. Det skapar grøne jobbar, det reinsar vatnet, det reduserer avfall i landsdeponi, og det promoterer fornybare ressursar, seier grunnleggjar Lisa Gautier til CNN.

A Matter of Trust får tilsendt hår i posten, for å lage hårmattene sine. Foto: A Matter of Trust

Ho gler seg over at rørsla veks.

2021 vart 550 salongar i Storbritannia og Irland del av initiativet Green Salon Collective, som vil kutte avfall frå frisørbransjen. Dei samlar restar frå hårfarge og bleiking, slik at det vert brent heller enn skylt i vasken.

I tillegg samlar dei hår som vert stappa i nylonpølser. Desse kan verte brukt til å stoppe oljesøl frå å spreie seg.


Frå venstre: Sathana Josefine Sasikaran, Gaute Haukvik-Jensen, Elias Lund-Johnsen, Jakob Borge Sandbakk på Vollebekk skole i Oslo skal teste ut larvar.